Spøkelset i Kvitlebekken

Me hadde ikkje gatelys, men spøkelser det hadde me.

Kvitlebekkjen som nett nå vert lagt i røyr inne i Skorvo.

Veit dei kva dei gjer dei som grev? Likare var det ikkje ved Engelsstølen der vegen gjekk bort til Koløystykkjet. For ikkje å snakka om kor skummelt det var å gå heim frå «Yngres» i Zoar. Når me nærma oss Nillesvingen var pulsen i 100+


  • Kvitlebekken
  • Nillesvingen
  • Engelsstølen

Nillesvingen

Kvitlebekken

Engelsstølen

Engelsstølen

Tedno og katten

For ein del år tilbake, var det mykje terner i området vårt. Både i Sjoøyo og på Sjoskjeret hekka det mykje terner. Desse gode flygerane som iherdig passa på reiret sitt, og som til tider var svært nærgåande i forsvaret av reiret var likt av dei fleste. Dei varsla om brisling i fjorden, og var på ein måte budberar både om sommar og fisk i fjorden.

Men så var det slik at ein Halsnøybu fekk seg skinande ny plastsnekke som var ankra opp i Sæbøvik's området. Det var ikkje til å unngå at ein og annan terne skit traff kalesjen på den nye snekka. Det utvikla sg etter kvart eit noko anstrengt forhold mellom snekke eigaren og ternene, og han kunngjorde at ternene var hans verste fiende. Han tenkte at her måtte noko gjerast, og som sagt så gjort. Snekkeigaren sette ut katten sin på Sjoskjeret for å få slutt på plagen med skit på kalesjen, for då måtte nå vel ternene komma vekk. Nøgd reiste han heim, overtydd om at problemet var løyst ein gong for alle. Neste dag då han kom heim frå jobb sat katten på trappa og venta på han. Den hadde sømt til lands og tatt seg heim, og ternene fortsatte som før.

Men etterkvart som brislingen forsvant, så forsvant også matgrunnlaget for ternene, og til slutt var dei heilt borte. Ei stund hekka det ikkje terner i Kvinnherad i det heile tatt. Nå kan me gle oss over att ternene er tilbake i Sæbøvik, noko som sikkert også betyr at brislingen er på veg tilbake. Så får me heller leva med skit på kalesjen. Det er vel verdt det, og me får håpa kattane held seg heime så ternene får fred til hekke i  åra som kjem.

Huldrakyrkjo i Dubbedalen, barndommens kyrkje

Øverst i Dubbedalen ligg Huldrakyrkjo, den finaste katedralen på øyo. Opp dit kom skjeldan andre enn huldrer og dei borna som ikkje frykta å bli bergtatt. Dette var borna sin friplass, og sjølv om dei syntest det var litt skummelt der så nytta dei Huldrakyrkja til leik om somrane.

Søster mi Gudveig fortel at ho gifta seg med barndomsvennen Magnar der oppe. Det var stort barne-brydlaup. Brura var pynta med ei gammal silkegardin dei hadde funne heime til slør. Ho huskar ikkje kven som var prest, men både Mossa Særsten, »tøtto» på Oppheim og Frøydis Fjellhaugen og fleire andre skal ha vore der. Det var stor gifte aktivetet i Huldrakyrkjo, og truleg har fleire enn Gudveig fått sin barndoms prins i Dubbedalen.

Gudveig og Magnar to gode barndomsvenner

Gudveig og Magnar to gode barndomsvenner

Telefon nr. 5 Sæbøvik

Rundt århundreskiftet etablerte Martin Enoksen telefonsentral i Sæbøvik, og dei første telefonane kom til bygda. Telefon nr. 5 tildelte Televerket til Martin Enoksen sjølv. Den originale telefonen, ein Ericsson heng fortsatt påveggen heime i huset  hos Bjarne og Einar Johnsen.

Bjarne Johnsen demonstrerar telefonen som fortsatt har den gode gamle ringelyden inntakt.

Bjarne Johnsen demonstrerar telefonen som fortsatt har den gode gamle ringelyden inntakt.

L.M Ericsson Stockholm

L.M Ericsson Stockholm

Kva er vel betre enn kaffi frå ei butikkkvern frå 1939

Vestlandsfanden fekk ikkje ly

Før var det ope hus for folk som trong ly. Og ikkje var det så nøye med stjernene, berre ein fekk ly og ei seng, eller høystålet å liggja i.

Fleire har fått ly i høystålet vårt om uveret kom.. Glade for tak over hovedet var dei..

Verre gjekk det med Vestlandsfanden på vitjing på øyo. Ingen herberge villa opna døra for dei, det var jo sjølvaste Vestlandsfanden som ville inn. Aldri har eg sakna den gamle løa vår midt i Sæbøvik som nett då. Tenk om Vestlandsfanden kunne fått husly og boltra seg i høystålet vårt, og kua kunne våkna til  vakker musikk. Då ville ho nok dansa og melka ein skvett til både fanden og hjelparane.

Frå Zoar til l Lanzarote

Eg fekk ikkje diplom på søndagsskulen, så eg lot bedehuset fara, og har ikkje slete ut dørstokken i Zoar eller andre bedehus sidan. Like godt tenkte eg, det er nå kva eg sjølv tenkjer som tel, og ikkje kva andre av ulike årsaker måtte meina, så trua beheldt eg.

Så for eg til sjøs, og som førstereis vitja eg sjømannskyrkja i Gøteborg. Den var som sjømannskyrkjer flest. Så for ferda videre til Wales og Swansea. Og jaudå, der var det sjølvsagt Anglikansk sjømannskyrkje over gata frå der me låg. Flying Angel var navnet, og sjølvsagt enda eg opp der. Her vart opplevinga betydeleg annleis, for her var pub. Jaja, tenkte eg. Eg kan vel klara meg utan vafler, og signaliserte til bartendaren at eg var klar for eit glas til med mørkt øl som nesten kunne tyggjast. Men ein snikande følelse av usikkerhet seig inn over meg. Kunne detta vera ei kyrkje? Eg såg ikkje Jesus bilder eller kjende lukt av vafler. Men så etter fleire porsjonar med tyggeøl nerma klokka seg midnatt.  Brått vart puben stengt, og alle for inn ei dør innerst i lokalet.  Eg sat åleine igjen med tomt glas og endo tommare blikk. Då kom det ein kar og peika på døra, og sa come with me, you are welcome. Eg luska meg etter han inn døra, og fekk vera med på midnattsmesse. Jaja, tenkte eg nok ein gong. Det er vel verdt da, og følte at ja nå var ølet betalt. Berre at vaflene var erstatta med tyggeøl.

Neste stopp var Antwerpen i Belgia. Her fekk me besøk av sjømannspresten ombord. Kjekk prest som ville invitera oss med på byn. Han skulle henta oss med VW transporteren om kvelden. Etter at han hadde sagt seg villig til å sleppa av nokre av besetningen i Red Light District, sa alle seg villige til bytur med presten. Me kjørte sakte gjennom gatene i Red Light og bivåna tilbuda i alle utstillingsglasa. Mangt og mykje å velja i, og presten fekk beskjed at her ville dei av.  Noko uventa var det bysseguten som følgde overstyrmannen av bilen her. Me avtala med bysseguten at me skulle henta han på heimvegen. 

Så for presten og oss andre på restaurant, og eg fekk for første gong smaka på god fondue og sunn drikke. Me var jo med presten, så alle som ein var snille og gode som skinande juletre.

På heimvegen fann vi bysseguten som avtalt. Han var oppskjørta og ille til mote. Han hadde gått til feil vindauga og enda opp med «mannakjønn» i nevane.  Lettare sjokkskada lova han presten at neste gong ville han ha fondue.

Så vart det mange år utan sjømannskyrkja. Men i går vart det besøk på sjømannskyrkja i Lanzarote. Då følte eg meg heime. Her lukta det kaffi og vafler, det var Jesus bilder, prest og vert.  Ringen er slutta.

Det einaste som mangla var sjøfolk, her var berre feriefolk som oss.

Halsnøybu deltok i olympiske sommarleikar i Berlin i 1936

Generalmajor Nils Sæbø frå den såkalla «generalgarden» i Sæbø deltok i dei Olympiske sommarleikane i Berlin i 1936. Generalmajor  Nils Sæbø  som hadde  Militær høgskole og utdanning frå NTH i Trondheim hadde då militær grad som kaptein, og han hadde stor interesse for hestesport. Han deltok i sprangridning, men vart diskvalifisert.

Nils Sæbø var forøvrig bror til Nilla jordmor som eg har skrive om før.

Tyskland vart tildelt sommarleikane i 1936  før Hitler kom til makta. Leikane har vore mykje omdiskutert sidan Hitler gjorde leikane til prøveklut for det Tredje Rikes propaganda. Norge fekk eit gull ved skyttaren Willy Røgeberg som var heilt suveren. Det norske fotball landslaget tok overraskande bronse etter at dei slo ut Tyskland ved å vinna 2-0 i dei innleiande rundane. Hitler og Goebbels var til stades, og dette skal væra den første og siste fotballkampen Hitler var på. Hitler var rasande etter kampen, særleg sidan dei norske deltakarane hadde nekta å gjere nazi helsing under åpningsseremonien.

Olympiske sommarleikar slik vi kjenner dei i dag har mange av innslaga frå 1936. Mellom anna var det første gang den Olympiske elden vart nytta og henta i Olympia.

Salamon sitt enkle budskap.  «Ditta ska du ha»

Julehefta var svært viktig, og noko me venta på med spenning. Me ungane lurte alltid på kor mange hefte pappa såg seg råd til i år.  Eit av hefta var Frå Fjord og Fjære. Det var Salamon Robberstad som budde oppe på Tofte, i det huset som Berit nå har til fritidshus som selde desse. 

Han hadde sin eigen måte å selja julehefte på. Han banka aldri på, men kom direkte inn og la heftet på bordet og sa, « ditta ska du ha»

Enkelt og greit, lite valg og jula var sikra for både seljar og kjøpar.

Førjuls drøs på Dill

Joletre 1926

Joletre 1926

Eg var så heldig å bli invitert til å vera med i kara-klubben sitt siste treff før jul på Dill. God drøs, julegraut og prat om jul i farne tider vart ei koseleg ramme.  Alf Nodland kunne visa fram eit eksemplar av Norsk Barneblad frå 1927, og julevedlegget Joletre frå 1926, og karane let seg lett  vera med på ei reise tilbake i tid.

Karane meinte prisen på Norsk barneblad var stiv, og forholdsvis mykje dyrare enn nå, samanlikna med lønnsnivået før og nå. Det var også på den tida store diskusjonar om  dette, og usemje på om prisen kunne forsvarast når ein tok med julevedlegget Jolatre.

Eit års abonnement på Norsk Barneblad kosta 4 kr, men då var  julevedlegett Joletre med.  Skulle ein kjøpa Joletre utan abonnement var prisen kr. 1, og ein godt betalt arbeidar tente på den tida 35 øre timen.

Norsk barneblad

Glimt frå Norsk barneblad
Glimt frå Norsk barneblad

Fotball før og nå

Fotball og høy er gøy

Fotball og høy er gøy

Då eg var gut var ikkje doping oppfunne, og idrettsfolk var som folk flest, dei brukte lypsyl. Trygt og kjent.

Likefullt var idretten sterk på øya då som nå. Ja, til og med sterkare. Store klubbar vitja stundom  myro, og sjølv om Brann med Kniksen  i spissen gruste dei blå gule Halsnøyspelarane med 0-17 så var det greit. Me hadde hadde uansett hatt ein stor opplevelse. Det spørst vel om Brann kjem tilbake med det første, for nå er det pengene som rår, og det er vel ikkje så mykje å henta på myro i så måte.

Joda, det var andre tider.

Ein sommar låg Djerv 1919 i treningsleir på gamla myro. På den tid krov ikkje  3 div. Spelarar frå Haugesund  så mykje komfort. Dei låg i telt på Larsstøneset. Dei var så mange at bautasteinen kom nesten vekk i skogen av telt.

Men ut i veka slo været om, og det vart høljeregn og surt. For surt, sjølv for fotballstjernene frå Haugesund. Telta vart overfløymde av vatn og halvdrukna fotballspelarar. Løysinga vart at heile hurven evakuerte til den gamle løa vår midt på Sæbøvik. Der vart dei verande ut veka. Det var iallefall turt i høystålet. Skjeldan om nokon gong har Halsnøy jentene vist større interesse for den gamle løa vår enn då Djerv 1919 var kongar i høyet.

Den ukjente gjevaren

Eit særnorsk fenomen er at dei fleste av oss er stolte av å komma frå små kår. Slik er det på Sæbøvik også, men eg vil gjerne fortelje denne historia om kor raus ein kunne vera med kvarandre i ei tid då alle ikkje hadde alt.

Pappa var fiskar, og saman med nøysemd, ikkje minst av mamma, klarte familien seg bra, men etterkvart som familien vaks vart det lite til overs. 

Åse, nest eldste syster mi var særdeles skuleflink, noko som sikkert etterkvart vart alminneleg kjent på bygdo.

Ein kveld banka det på døra, og utanfor stod Anno i Haugen med ein brun konvolutt i handa. Ho fortalte ho var sendt av ein person som hadde høyrt om at Åse hadde utmerka seg på skulen, og ville hjelpa å kosta utdanning på ho. Personen ville vera anonym, og ein måtte aldri spørja. 

Slik gjekk det, og då Åse begynte på lærarskulen på Stord kjørte pappa ho med lettbåten til Røysarane til Rommetveit for å spara reiseutgifter. 

Kvar månad kom Anno med ein konvolutt, og Åse vart lærar. Den dag i dag veit me ikkje kven gjevaren var. Kan det ha vore Anno sjølv ?? 

Nok last

Upsagjengen visste om det meste som rørte seg i Sæbøvik. Derfor var det så spennande å hengja med dei.Dei visste kven som drakk kva, og kor, kven som låg med kven osv. Det dei ikkje visste var det ikkje verdt og vita.

Ei spennande verd for oss gutane sjølvsagt.

Ein kveld var nettop eit slikt "hemmelegt" amorøst forhold tema. Dei var så opttat med å dela informasjon om dette at dei ikkje merka smågutane med øyro på stilke.

Brått oppdaga Hans'en på Nygård oss, og gav den korte og klare beskjeden. Nå må de gå, de har fått nok last.

Du e meir enn ein skulelærar du Nils

Svogeren min Nils som var rektor i ungdomsskulen er av det slaget som har lett for å få folk i tale, og definitivt ein god lyttar som gjerne nytta høve til å prata med upsagjengen når han var på besøk til Sæbøvik.Særlegt hadde han stor gleda av å snakka med smeda-Nils'en. Ein fredagskveld fekk han også med seg svoger Helge for besøkja han, noko han alltid gjorde.

Dei banka på og gjekk inn. I stovo sat smeda-Nils'en og Jens Omvik og koste seg. Smeda-Nils'en byr dei nyankomne kvar si flaske eksportøl og seier med ei blanding av ærbødighet og respekt. Du Nils, du Nils du e meir enn skulelærar du.

Trude og telefonboksen

Her kjem ei lita historie frå Trude Fjelland som fortel mykje om korleis det var å veksa opp på Sæbøvik.

Frode

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------

Telefonboksen på Sæbøvik

Itte å ha jobba i 7 år på tannlegekontoret heima, så fløtta eg te Oslo.

Ein laurdag inntok heimlengten noko veldigt. Me hadde ikkje telefon på den tio, så eg kunne ikkje ringa heim. Men eg ringte te telefonboksen på Sæbøvik og lot da ringa.... itte ei stund så va da ein som tok telefonen. "Ser du pappa på Sæbøvik nå spurde eg.  Nei han e akkurat gått heim"

Da va Hansen i Bakkane, far te Unni Landa som svarte. Eg synst nå i ettertid at detta e ein herlig historie, og kjekt å tenka tilbake på.

Trude

Gutta på søndagstur til Skånevik med M/B Tor

Kapteinen går i land

Kapteinen går i land

På sytti-åttitalet var det minst like fine somrar som nå. Nokon vil vel hevde dei var vel så bra, og her er nokre minner frå ein fin søndagstur i gode gamle dagar.

Søndagstur til Skånevik
Søndagstur til Skånevik
Kapteinen går i land
Arild nyt tilværelsen på taket
Arild nyt tilværelsen på taket
På veg til Skånevik
Søndagstur. Harald nyt turen
Søndagstur. Harald nyt turen
Hans Olav nyt sola
Hans Olav nyt sola
Frode og Harald på tur
Frode og Harald på tur
Endeleg framme i Skånevik
Endeleg framme i Skånevik
Petterøes no 3 tippar eg
Petterøes no 3 tippar eg
Balansekunst på Skåneviksfjorden.
Balansekunst på Skåneviksfjorden.

Ein god dag for dei ulydige

For ordens skyld. Her er bilde av dei alltid snille..

For ordens skyld. Her er bilde av dei alltid snille..

I ungdomsskule tida på Øyatun var det både skrevne og uskrevne reglar. Ein av dei viktigaste var at det var strengt forbudt å gå over vegen til kafeen på pensjonatet på Sjo i friminuttar eller i matpausen.  Det var portsøyler ut til hovudvegen, og hekk på begge sider nesten bort til kafédøra, så me klarte enkelte gonger å lura oss over, men då sto me å passa på for kvarandre slik at læraren som hadde vakt ikkje skulle oppdaga oss.  Ein gong var lærar Eintveit ute og hadde oppsynet med oss, då var det ein ball som vart sendt over vegen og inn i hagen bakom dei store trea som var der.  Eintveit skulle henta den for oss, og han kraup gjennom buskaset og småsprang ned bakken. Akkurat då kom rektor Ole Robberstad ut, han såg personen i hagen og la på sprang etter den "ulydige eleven".

Det var mange lite godt skjulte flir på andre sida av vegen då dei returnerte gjennom hekken. Ein god dag for dei ulydige..

ahh

Smaken av barndom og bløtkake med aprikosfyll

I går kom hyttenabo Kirsten innom med eit glas heimelaga syltetøy av gode gammaldagse sure aprikoser. I dag fekk eg skiva med herligheten til frokost, og medan eg nytte utsikten til Sæbøvik kom minnet om busdagsfeiringar med bløtkake med akkurat slikt fyll av sure aprikoser for meg. Eg kjenner endo smaken av fest.... Nydeleg

Med Waterloo frå Sæbøvik til Åkrehamn

Mercedesen til Oddemann med Remi på panseret.

Mercedesen til Oddemann med Remi på panseret.

Det var rett og slett ikkje heilt opplagt at Åkrehamn på Karmøy  skulle verta så populært blant Halsnøy gutane først på 70 tallet. 

Men her var det yrkesskule, og mange reiste til Åkrehamn for å få seg fagutdanning. Yrkeskulen der hadde godt tilbud,og frå Sæbøvik var det vel røyr, maskin og elektonikk linjene som rådde grunnen. Sjølv gjekk eg på maskin,  og delte hybel med Alf Ståle Fjelland som gjekk på elektronikk. Alf Ståle var grunnleggjaren av bandet Stratos som seinare vart til Waterloo, og han fekk ordna det slik at Waterloo fekk spelejobb på dansen i idrettshuset på Åkrasanden.  

Me var ein gjeng på 7 som delte på å leiga eit hus, og me hadde det  fritt og fint. Ein og annan festen var det vel, og laurdagsdansane på Idrettshuset gjekk det gjetord om. Derfor var det mange frå Sæbøvik som ville følgja Waterloo når dei skulle spela i Åkrehamn. Me opna dørane for halve Sæbøvik, og forventningane til dansen med Waterloo var skyhøge.

Waterloo med fans ankom med Waterloo bussen, og gitarist Oddemann stilte med den gamle Mercedesen han hadde på den tida. Mercen vart parkert utafor huset. Med så mange yre Halsnøybuar var det vel ikkje til å unngå at me vart lagt merke til, og ein politipatrulje som kjørte forbi fatta interesse for kva som føregjekk. Dei vart budne inn bare for å kunna fastslå at alt var i skjønnaste orden, bare litt " helgaglad  " ungdom frå Halsnøy, verre var det ikkje. Men så lurte dei på om dei kunne få ta ein kikk på den gamle Mercedesen som stod utafor. Jaja, me hadde ikkje noko valg, og notatblokka til betjenten vart meir enn full, så kom skrujernet fram, og bilen vart ståande i Åkrehamn utan skilt resten av skuleåret. 

Etter å ha svelt nederlaget med bilen måtte Waterloo levera skikkeleg på dansen om kvelden. Og gjett om dei gjorde.  Når Harald H. spelte Jimmi Hendrix med bare tennene på stratocasteren og Frøydis tok Karmøybuen til himmels med Janis Joplin og  Me and Bobby Mcgee. Ja, då stod jubelen i taket, og Karmøybuar og Halsnøybuar nytte livet i salig dans til langt på natt.

Kommunehuskjellaren var også garderobe for fotballaget

Pausebilde frå fotballkamp på Myro

Pausebilde frå fotballkamp på Myro

Dusjane i kommunehuskjellaren var ikkje berre til helgavask. Kjellaren tente også som garderobe for fotballaget. Det var ei fin tid med sånn måteleg passe trening og mykje moro. Sjølv er eg akkurat gammal nok til at eg har fått både dusja og spelt fotball med farne tiders fotballstjerner.  Kommentarane og historiane var mange i kommunehuskjellaren og på banen. Ein historie huskar eg særslilt godt. Det var fotballkamp på myro og Aksel Kloster stoppar opp og ropar til Edmund Øvrevik  "Skal me ta eit raid nå Edmund"

På bildet ser me kjente fotballspelarar frå denne tida. 

Helgavask

Laurdagen var den store bade dagen i Sæbøvik. Då var det stor innrykk i kommunehuset  Sidan me var næraste nabo vart det slik at mamma leverte ut nøklar til dusjane nede i kjellaren der. Dusjane var flittigt bruk sidan mange enda ikkje hadde fått innlagt vatn, iallefall ikkje dusj på den tida. Om laurdags ettermiddagen kom dei den eine etter den andre, betalte og fekk nøkkel hos mammo. Då hadde dei 30 min til disposisjon, det skulle rekkja til både vask og høg-glanspolering både her og der. Søster mi Liv og veninna hennar tenkte at her var det mogeleg å tjena penger på ungkarane medan dei lauga seg i kommunehuskjellaren. Om laurdags ettermiddagane installerte dei seg ved inngangsdøra vår og tilbaud  skopuss til ungkarane medan dei klargjorde seg til laurdagskvelden. Tilbudet vart populært, og Sæbøviksungkarane vart kjent både for glansa sko og brylkrem i håret. 

Det følgde også mykje spenning med dusjinga i kommunehuset. Dei foretaksomme jentene oppdaga også at under dørane i dei forskjellige dusjane var det ei glipe nede ved golvet som innbaud til innsyn. såleis var det at storesøster Åse og hennar tilkommande skulle i kommunehuskjellaren og dusja første gang ho kom heim med nye kjæresten. Jentene følgte etter og la seg på golvet for om muligt å læra noko som kunne komma vel med seinare i livet. Dei vart ferska og det vart eit fela oppstyr.

Kvar fredag kom det også ein eldre herre og dusja, og mamma som var enkje då ynskte at eg leverte ut nøkkelen til han sidan ho ikkje følte seg komfortabel med dette. Eg tok jobben, men eg syntest eg fortjente ein liten skjerv og forsynte meg av kassen med ei heil krone til sjokolade. Eg bekjente synda, og fekk tilgjeving av mamma som syntest da var vel verdt da.

Skutalemen, Coctail og frimerker

Skutalemen heime på Sæbøvik var fristaden vår då me var smågutar. Her kom skjeldan dei vaksne opp. Me ville vera heilt ute av syne. Difor la me fjøler på tverrbjelkane like oppunder mønet. Endaveggene var av tjukke tepper. Høgda i midten kunne vel vera ein liten meter. Inventaret var to madrasser og me hadde ein eplekasse til bord i midten. Her levde me i vår eiga verd. Inngangen i austre enden måtte vi klatra opp til, og så åla oss innover på kvar vår madrass.Til vanleg var vi to der oppe, men det hende vi var tre. Fleir fekk vi ikkje plass til i stovo vår under mønet. Skøyteledning med elektrisk lys var einaste tegn til moderne sivilisasjon.

Skutalemen var fristaden vår, og her stifta me kjennskap med spanande blad som Coctail og andre blad som baud på nakne damer og historiar som fekk guteaugo  til å skina i lampalyset der oppe. 

Lurte dei vaksne på kva som føregjekk hadde me svaret klart. De heiter Skutalemen skule, og me les cowboy bøker og så samlar me på frimerke. Dette var gode greier forstod me, og fred fekk me på skukkjen.

Påskestemning på 70 tallet

På veg til Fjelberg

På veg til Fjelberg

 Hytteliv er hytteliv, nå som før. Eg minnest me hadde ein og annan påske med tidvis dårleg vær før også.

Ei påske i ungdomstida var me ein gjeng frå Sæbøvik som tok ut på hyttetur til gamla hytto her på Fjelberg. Været var som nå, noko skiftande, og etter ein heller fuktig kveld  var det ikkje så lett å sjå forskjell på skodde og dugg på vindauga påfølgjande morgon. Ein av oss var klar på at skodda låg tjukk så me kunne berre roa oss inne og fortsetja der me slapp.

Dette førde til at me gjekk tom for øl  før planlagt, og me bestemde oss for å senda nokon til Djuven for å freista om me kunne få handla litt. Som sagt så gjort. Me for avgårde, banka på og spurde om det var råd å få handla. Planen var å handla rikeleg med matvarer før me bar fram det me eigentleg var kommen for. Me tenkte at hadde me berre handla godt, ville me nå fram med ynskjet om å få kjøpa ein kasse øl. Men den gode handelsmannen i Ådnavikjo svarte med å spørja om me ikkje visste det var 1. påskedag ? Øl kom ikkje på tale.

Slukøyra kom me tilbake til gjengen med tom lommabok, utan øl, men med rikeleg annan proviant.

Påsketuristar på Fjelberg i 70 åra

Påsketuristar på Fjelberg i 70 åra

Den vanskelege vegen

Det er ikkje lett å finna rett veg hverken i livet eller til Borgundnuten. Prøv den som vil. Sjølv har eg prøvd to ganger å finna rett veg opp til Borgundnuten. Opp kom eg begge gonger men vanskeleg var det.

Første gongen var eg i tenåra, og villmann Arild Landa ville ha meg med til Borgundnuten. Me skulle gå opp i frå Møllesvik for der var det visst både vilt,fugl og anna me kunne oppleva på turen opp. Ikkje med eit ord nevnte han at dette var langt utanfor allfarveg, og at området var vanskeleg og svært bratt å ta seg fram i. Me kom til topps, eg kan ikkje huska me såg noko vilt, men eg huskar veeeldig godt at eg for første gong fekk smaka på høgdeskrekk på veg opp. Eg gjekk meg fast i skårfeste og måtte ha hjelp til å komma laus. Joda, det var fin utsikt, men eg ville nok føretrekkja merka turløype.

Andre gongen var eg nyforlova, og ein veldig varm fin søndag skulle me til topps. Klok av skade skulle skulle det denne gongen gåast den vanlege turløypa opp.

Men trur du ikkje eg klarte å gå feil. Lise Karin meinte me gjekk nedover og ikkje oppover. Neida, sa eg, dette er ei turløype og derfor går den veldig slakt, ja nesten umerkeleg slakt oppover.. Jaja, me fortsette, men då me etter ei stund såg ned til Aksdal måtte eg innrømma at ho hadde rett i at me var på feil veg.. Eg foreslo då å gå kortaste vegen rett opp. Me la i veg over haug og hammar. Bratt som fy, og på ny vart det bokstaveleg talt klatra opp. Ikkje hadde me drikke, og stemningen vart etterkvart noko anstrengt. Men opp kom me også den gongen.. Aldri meir sa Lise, og det har ho halde.

Sidan har eg ikkje utfordra Borgundnuten.. Kanskje snart på tide igjen, for nå høyrer eg det er skikkeleg merking. Og er ein først kommen opp er det makalaust fin utsikt.

Høno te "Juss Så Godten"

 Då eg var liten hadde me ikkje fryseboks. Men i Toftevågen  var det råd å leiga fryseplass hos Andreas Tofte. Mange hadde slaktet sitt der, og henta det etter kvart som det trongst. Det var ein kar i Toftevågen som vart kalla for Juss Så Godten avdi han alltid var positiv og pleide avslutta med å sei Juss så godt. Ein dag kom Jussågodten til Andreasen og sa han ville henta heim høno til kåno. Ja, den som ho har på fryso altså... la han til

Grisungen

 Gudveig sin flørt i Sæbø vart svært fordelaktig for vetlebroren.  Eg må ha vore litt plagsom for turtelduene, så eg vart sendt i fjosen, der eg fekk vera med Dale'n å stia i general løo. Det vart mest som å vera med på "Farmen". Eg kom inn som ein Pilgård og  ut som ein nokonlunde brukande dreng. 

I allefall hadde eg lært så mykje om griserøkt at Dale'n  ein dag kom opp på skulen i friminuttet og lurte på om eg ville ha ein grisunge. Det var ei purka som hadde fått fleire enn ho hadde mat til, og han hadde ikkje tid til å bala med slikt. Så viss eg  ville ha ein grisunge så kunne eg komma og henta den etter skulen. 

Eg fekk aksept heime, og om ettermiddagen for eg innover med ei smøreske på bagasjebrettet på sykkelen til å frakta grisen i. Til å begynna med hadde eg grisungen med meg på rommet i smøreska.. Det var tåteflaske og mating døgeret rundt huskar eg. Etterkvart vaks grisen ut av smøreska og havna i ein 5- skjeppe kasse med netting over nede i skuten. Eg fekk vel omtrent samme forholdet til grisungen min som Linni til grisene på Farmen. Me forstod kvarandre, og grisen vaks og vaks. Snart måtte den ut av 5-skjeppekassen, så eg delte av ein ein krok i hønsahuset. Her blei den til den var så stor at me mest ikkje fekk den ut. Pappa sa det var den største grisen dei hadde slakta på tunet hos oss. Eg må tilstå at eg gjekk vekk då Sørens Andersen kom med skytemasko slaktedagen. 

Fredagskved, det var diskotek, pølser og Grethe Hvidevold sine heimelaga pølsebrød.

Grethe laga verdens beste heimelaga pølsebrød.

Grethe laga verdens beste heimelaga pølsebrød.

Fredagskveld i Sæbøvik var discotek på  kafeen på gamla pensjonatet. Du verden for ei stemning.. Der samlast me til dans og moro. Kan de huska dei magiske kveldane på 70 tallet med Juke-box, dans og pølser servert med verdens beste heimelaga pølsebrød.  Ingen kan laga pølsebrød som Grethe Hvidevold seier søster mi Liv Torunn med stjerner i augo. Pølsebrøda til Grethe lever i minnet til evig tid seier ho.

Om eg var 21 år igjen, bare ein kveld, ville eg ynskja meg Creedence og Grethes hot-dog.

Harpunkameratane

Harpungevær

Harpungevær

 Eg har skreve litt om den store brugdefangsten i Sæbøvik. I jakta der var det nytta eit kvalskyttargevær med harpun som onkel Ola i Bråtet hadde. Det var eit stort tungt og frykingytande beist av eit gevær, med spesiell ammunisjon til å drive harpuna. 

Oppildna etter brugdeeventyret, ville Lars Kåre og eg prøva ut geværet. Me var nå bare smågutar, og me hadde høyrt at det hadde voldsom rekyl, så me måtte leggja ein plan for testskytinga.

Me konstruerte ein jigg av vannfast kryssfiner som me skulle festa geværet i.

Så ein dag onkel var ute i skyssoppdrag med Smart'n slo me til. Det var klar bane, men me måtte klara å sletta alle spor innan han var tilbake frå Sunde med skyssbåten.

Me spente geværet fast i jiggen, og med geværkolben støtta i bakkant mot kjeldelokket i betong . Solide greier måtte det vera for å ta rekylen, me vurderte ikkje ein gong å halda geværet under avfyring. Det vart lada og harpun sett i, retta mot eit punkt oppe i Bråtabakken. Me knytte ei lærsnor i avtrekkaren og stilte oss i god avstand før avfyring. 

Nedtelling 3-2-1 BANG

Eit voldsomt smell og geværet forsvant gjennom lufta.. Harpuna forsvant innover bakken, me såg bare snora der den hadde gått inn i jorda.  

Me måtte finna spad, eg trur me grov oss  over ein meter innover i bakken for å finne att harpuna. Den var bøygd og såg miserabel ut.. 

Om me klarte å sletta alle spor ?? Nei, gravejobben tok for lang tid. Me vart ferska, og  det vart stor oppvask.

Men me skaut vel nokre kattar med geværet nokre år seinare, då utan harpun.. Også då var onkel i skyssoppdrag 😀.

Me var vel eit stykke ut i barneskulen, og hadde nok stått på sidan av pulten og framført lekso i bibelsoge utanåt før dette pågjekk. Fru Bjelland var nøyen på at me kunne den. 

Ho skulle berre visst kor vitebegjærlige me var på andre felt av livet også.

Sæbøvikingar og Lothepusar

 Ein skal ikkje kødda med med tradisjonar. Me klemte ikkje på Sæbøvik, me handhelsa, ferdig snakka. Slik var det i fjorden også. Ikkje noko spesiellt med det. Slik var det, og slik skulle det vera.

Rett nok flytta nokre ut og framstod etter ei tid som nydyrka Pilgårdar. 

Sjølv kan eg huska korleis me stålsette oss for å møta alle klemmane som kom kvar sommar når kultiverte byfolk kom heim til hytto nedpå bakken ved fotballbanen.

Fleire dagar i forvegen vart eg uroleg, stundom med magesjau. Og når dei så kom så var livet så "hjertelig" at me med klemmefobi hadde mest lyst til å forsvinna. Men eg haldt jo ut for onkel Ole var ein snill mann, og ofte vanka det godt når klemminga var unnagjort. Fekk eg sjangsen treiv eg tak i ei hand og klemte det eg makta for å markera korleis livet skulle levast. 

Som åtteåring var eg med mamma til Leirvik, og ho insisterte på å leia meg. Me var tross alt ute i den store verda meinte ho. Eg protesterte høglytt og forkynte at nokon kunne sjå da. Det fekk nå vera måte på.

Med åra har klemmefobien min stadig blitt utfordra. Nokre av systrene mine reiste også ut, og for verkeleg å visa kor  opplyste dei var blitt (sjølv om eg har reist både meir og lenger) begynte dei å klemma. Herregud dei er frå Sæbøvik.

Nå er det ikkje verre enn at både Lothepus og eg kan gjera unntak for Vendela Kirsebom, Vibeke Birkeland  og nokre til.

Ku, sau, ull og håvudputa mi

I løo vår på Sæbøvik hadde me alltid ei ku, og stundom ein kalv. Den gamle kua vår vart etter kvart moden for slaktehuset Det var bestillt ei ny kvige hos Jens Omvik, og broder Arne og eg vart sendt utover for å leia nya kvigo heim til Sæbøvik. Me kom ikkje mange meter på  vegen før me forstod at me nå hadde fått oss ei vill ung dame i familen. Ho hoppa og dansa av gårde med Arne på slep og eg veiftande etter innover vegen. Me enda etter kvart opp heime i løo, kviga hadde roa seg og me trudde at nå var alt vel. Fornøgde forlot me løo for å forteja mamma at oppdraget var vel utført. Me var ikkje før kommen utafor fjøsdøra før det vart eit voldsomt leven inne i fjøsen, me for inn igjen og kviga vart roleg som eit lam. Så lista me oss ut, men me hadde ikkje før lukka døra så starta levenet igjen. Slik fortsatte det, og me belaga oss på tilvenning, og bestemte at me fekk dela natta på oss i løo. Kviga som heile sitt liv hadde vore i eit fullt fjøs rett og slett forlangte selskap.

Så kom eg på at me fekk gå til Bråtet å høyra om me kunne få låna ein sau til å ha i kalvabingen. Som tenkt så gjort. Kviga godtok det nye selskapet og me kunne forlate løo i ro og fred.

 Med dette kom sauer inn i mitt liv, og heilt si mor mi ein haust seint på 60 tallet bad meg om å ta sauen vår med ut til Sørens Andersen for den laut til ver har eg forstått at sau og ull var gode greier. Eg ankom med sauen, og Andersen slapp den inn til veren.. Før eg visste ordet av det forkynte Andersen, " han va kvikk i dag farr ". Jaja, tenkte eg, er det alt så skal til så skjønar eg ikkje kvifor dei voksne heima har snakka så lite om slikt. Men Andersen fekk rett. Jobben var gjort, og lam blei da.. Sørens Anderssen var ekspert på slikt.

Ei tid seinare var eg med Fjelldur på brislingfiske då me blei kontakta av politiet om me hadde tid å henta nokre sauer på Borgundøy. Dei hadde fått anmodning om bistand frå dyrevernet. Lensmannsbetjent Høyland vart henta, og me sette kursen for Askevikjo for å henta sauer som trong ein ny heim.

På ny fekk eg nærkontakt med sau. Me sette baugen opp mot land og betjenten lempa ein og ein sau opp til oss. Det må ha vore ein sterk kar, for sauene kom fykande som ballar gjennom lufta og landa på dekk hos oss. Sauene flytta frå naust til fjøs, og me fiskarane blei godt kjent med både sau, ull og lukt.

Nå har eg nett vore til syden. På ny fekk eg stifta  kontakt med ull. Det må væra noko med meg og ull. For 8 euro pr. person vart me lova både grottetur, paella og ei flaske rødvin om me berre ville vera med. Me måtte vera viljuge til å væra med på ein salgsdemonstrasjon av ullprodukter. Me for avgårde på ullatur, først på salgsdemo sjølvsagt. Trur du ikkje eg blei plukka ut som eit velegna demo objekt, og måtte liggja ein halvtime til utstilling i ei seng med ull underteppe, overteppe og hovepute. Medan eg låg der klarte ein tyskar med hollandsk kone og tidlegare jobb som taxisjåfør i Stockholm på gebrokkent svensk å overtalte Lise Karin til å kjøpa meg ei steikje dyr pute sidan eg hadde bursdag. Jaja, tenkte eg, detta må væra svære greier.

Vel heima gledde eg meg til å ta vidunderet i bruk. Med åpent sinn og glede over ny pute gjekk eg til sengs. Midt på natta våkna eg og kjente ei lukt eg hadde kjent før. Akkurat samme lukta som på dekk på Fjelldur den fine sommardagen  tidleg på 70-tallet. Joda, eg svetta sikkert litt, men den umiskjennelege lukta av våt ull reiv i nasa.

 Omsider må eg ha sovna igjen, og eg følte meg utkvilt og fin då eg kom på badet neste morgon for å barbera to dagar gamle skjeggstubbar. Eg helsa god morgon på karen i spegelen. Så oppdaga eg at eg visst ikkje trong barberskum for eg var heilt kvit. Eg må ha bora fjeset godt ned i puta i eit forsøk på å stenge ute sauelukta. Eg såg ut som ein velvoksen dalasau med ull i kvar einaste skjeggstubb. Nå får eg sjå kva som skjer til natta, blir det ull eller dun ?

Vel verdt da

Som sagt var det mykje som skulle på plass før ein kunne begynna for fullt på kveldsskulen.  Lars Kåre fekk seg bil som 17 åring, og var klar med lappen så snart han runda 18. Då fekk eg overta motorsykkelen vederlagsfritt. Gåvmilde folk i Bråtet må veta. Eg veit ikkje om eg har fått takka nok, men nå er det iallefall gjort. Såleis vart eg eigar av ein flott nesten ny Tempo Fighter 100 ccm. Med det vart eg også klar for kveldsskule innrykk. 

Men de veit Honda bilen til Larsen var liten, og med meg i baksetet vart det ikkje mykje plass att til dei to  turtelduene framme. Med å gje motorsykkelen til meg, rydda han veg for romantikken i den vesle gule.. Ein svært vellukka taktikk skulle det visa seg. Og då han kom på besøk i Uskedalen første gongen fekk han godkjent, men med kommentar frå sin tilkommande svigerfar om at bilen var ikkje større enn at ein kunne ha den på skjevo. 

Uansett, Hondaen gjorde jobben, og resten av den soga er vel kjent.

Eg veik plassen i baksetet, Lars Kåre fekk Aud Marit, og eg fekk motorsykkel med tilhøyrande selskinnshanskar. God deal for alle altså.

Lars Kåre bytta bilmerke og har vore tru mot Opel i alle dagar, truleg for å verta meir gardstilpassa sidan båtmannen enda med ei gardajenta frå Uskedalen.

Nå kjører han ein svær diesel doning med ekstra stor pipa for å få ut all guffen. Den ville fått MDG-Lan til å besvima  og Trump til å smila.

Hald flasko lågt din tosk

Det er mykje som skal på plass i overgangen frå gut til mann. Ikkje berre må ein plagast med skjeggstubbar og kviser som Petter Pilgård berre kan drøyma om, viss ikkje Lothepus lukkast i å omskapa han då. Men nå ser eg at Heidi på Sætre  har merka seg nokre skjeggstubbar på Petter, så det kan vera han blir mann også.

Eg hadde høyrt heile livet at kaffi  kunne  gjera at ein slutta å veksa, og at melk var Guds gåve til menneskeheten. Plutseleg på konfirmasjonsdagen meinte dei samme at eg var lang nok, nå skulle eg drikka sterk svart kaffi, og melk var ikkje så nøye.

Lettare forvirra gjorde eg som eg fekk beskjed om.

Dei to følgjande somrane var eg på brislingfiske og utviklinga tok fart. På tokt i Hardanger fekk eg læra å kjenna smaken av sider og anna søtt.

Etterkvart nærma eg meg alderen som me rekna for å verta kveldsskule aspirant. Første trinn då var å tinga plass i baksetet på ein Sæbøviksbil for å kjøra lenger sør og kjøpa ein kasse øl til helgo.

Detta var spennande , og stemningen steig i baksetet på utover turen. Då me passerte fabrikk nr 13 såg unge  Frode lyst på livet, og veifta lystigt med pilsflaska. Da va då eg strauk på opptaksprøven til kveldsskulen. Når me passerte upsagjengen hadde eg fortsatt flaska oppe. Ei dødssynd.. Få flaska ned din tosk skreik sjåføren.. Kom ikkje her og sei  at me ikkje hadde respekt for upsagjengen.

Då Gudmunden haldt på å komma for seint heim til middag

Eg har aldri blitt ein stor musikar. Heilt frå eg i svært unge år tok blokkfløyta på hoggestabben forstod eg at eg måtte satsa på noko anna. Mitt musikalske gjennombrot enda praktisk tala som ved.

Likefullt måtte eg jo delta i musikktimane, noko som stort sett gjekk bra. Men me som ikkje var utrusta med store musikalske evner kjeda oss jo litt. Ein gong i  8. klasse då me hadde musikk i siste time hadde tydelegvis Kjell Henning og eg kjeda oss så mykje at me kvalifiserte for straff, og lærar Gudmund Harkestad forkynte at me måtte sitja igjen. Det var nok fullt fortjent, og sikkert ei høveleg straff. Men sidan dette var siste time, så måtte jo Gudmund gå til lærarrommet og ringje heim og fortelje at han ville komma seint heim til middag på grunn av to bråkete antimusikantar.

Medan han var avstad og ringte nytta me høvet og hoppa ut glaset og for avgårde. Gudmunden kom tilbake til tomt klasserom. Me var svært spente på kva som ville skje vidare. Siste ord var nok  ikkje sagt trudde me.

To nervøse gutar møtte på skulen neste dag, men me høyrde aldri eit ord.  Eg tippar at Gudmund nådde ein god middag, og me helsar på kvarandre den dag i dag når me møtest.

Veps på snurrebassen

På 60-70 tallet spelte me ofte fotball på Heio, på plassen nordom hytta til Steffensen. Derfor vart det mange turar opp og ned Heiavegen. Eit år var det så grueleg mykje veps. Omlag midt oppe i Heiaveien var det eit jordvepsebol som skapte mykje trøbbel for oss. Fleire vart velsigna med stikk så me prøvde å røykja ut vepsen, men den vart bare meir og meir ilter.. 

Då var det at ein kar ville visa oss at me var pyser,og at veps var slett ikkje noko å bry seg om. Tøffingen firte buksa og sette seg ned ved utgangen av bolet. 

Det varte ikkje lenge før vepsen med presisjonsretta angrep mot snurrebassen til karen på ny fekk overtaket. Fleire fulltreffarar sikra full seier for vepsen, og stakkaren for nedover Heiaveien med voldsomme hyl. Me høyrte han langt utover Steinaveien og såg han ikkje på Heio på fleire dagar.

Kakao og boller

Livet kunne vera strevsomt for ein kakao elskande gut. Har før nevnt så vidt at førjulstida var travel med oppdemming av Stemmen og anna. Men det var ikkje heilt fri på søndagen heller. Då var det søndagskule, og der måtte ein vera flittig for ikkje å komma i gapestokken på julefesten. Vel alle fekk kakao og boller i brun papir pose, så det var jo egentlig greit nok. Men dei som hadde samla nok stjerner i boka fekk også diplom. I mitt avgongsår var det visst bare eg som ikkje fekk diplom. Eg som hadde stått mine første år i barneskulen og alltid kunne bibelsogo utenåt, vart skilt frå, og kom aldri i innerste ringen rundt juletreet.. Ikkje hjelpte det at eg hadde gått på Yngres heller, og at sjølvaste Robberstaden let om at eg var flink å lesa frå ei bok eg hadde fått av mamma som heite Ljosglimt. Nei, du har for mange uekte stjerner var beskjeden.  Det skuldast visst at ein kvan meinte eg hadde fleire stjerner enn eg fortjente. Eg huskar ikkje kven som meinte å vera bedre å telja enn meg sjølv, men diplom vart det iallefall ikkje. Rett nok var eg ein søndag så tidleg at eg fekk klistra stjerner. Var det ikkje då rett at eg som løn for strevet klistra litt ekstra godt i boka mi ? Jaja, tenkjer eg, bollene og kakaoen var gode, så det var vel verdt det. Seinare har ikkje eg vore i Zoar, men bibelsoga huskar eg endo, så kan dei andre bare ha da så godt.

Julekveld

Endeleg var julekvelden kommen.. Endelaus venting skulle nå gå over i glede og og utløyst forventning for oss ungane. Pappa hadde hogge ved, og i skuten låg det ein svæpr haug med nykløyvd ved og venta på jula. På vetlejulafta hadde pappa ei viktig oppgåve. Han skulle handla julegodt, frukt og snop. Me ungane fekk vera med til Onkel Odd (N. Nielsen eftf.) og fylla opp i ei svær eska med appelsiner, dadler, fiken, sjokolade og brus.. Ja, denne eine dagen i året var det verkeleg fest på butikken, og endo meir fest når me kom heim med godsakene.

Så var dagen der. Mammo hadde pinnakjøtet på kok og alt var dekka og klart. Pinnekjøt lukta breidde seg i huset og bar bud om at verdens beste mat var i kjømda. I kjellaren stod den store grønne skipssekken til pappa full av gåver og venta på nissen som skulle komma forbi og ta sekken med seg opp i stova.

Like etter maten måtte pappa alltid ned i løo og stia og melka kyra vår. Det var då nissen bruka å komma, og me synst alltid synd på pappa som ikkje var der og fekk oppleva nissen. Kvart einaste år var han tilfeldigvis i løa når nissen kom. Forstå det den som kan.

Sjølv tok eg meg god tid  med å pakke ut, ja det kunne ta fleire dagar, for eg måtte jo leika med det eg fekk. Dette var visst eit mareritt for søskena mine..

Hos oss pleide me å leggja oss tidleg. Men på julekvelden fekk me lov å vera like lenge oppe som ungane hos Bakar Tofte. Me plagdes heile året med at me måtte leggja oss medan det enda var lys hos Mary og Peder.  Men dei var jo også ekstra seine på julafta, og kvelddstrøtte som me var, fann me ut at dette kunne me løysa med å leggja oss med lyset på i stova så dei skulle tru me var like seine som dei.. Slik var det år etter år..  God jul.

Travel tid

Ballangrud skeiser. Nr.1 på Stemmen

Ballangrud skeiser. Nr.1 på Stemmen

Hausten og adventstida var travel for oss Sæbøviks ungane.
Ikkje nok med at me dagleg måtte oppdatera oss i om det var kommen noko nytt i utstillings vindaugo i handlegato. Ja, de veit Sæbøvik var større før  "landsby" statusen, i alle fall målt i antall butikkar.
Men i god tid før julehandelen og den første frosten, måtte me vera ajour med oppdemminga av Stemmen som  var Sæbøvik, Larsstø og Heio sin skeisebane.
For uinnvidde så låg Stemmen i skogen på Heio, like oppafor huset til Kiin (Karin) på Nygård.
Stemmen var eit 100% barneprosjekt. Alle aldersgrupper deltok i å demma eller reparera demningen av torv. Me spadde, grov, og lempa torva bort på demningen. Nøyaktighet og flid skulle til for å det til å halda tett. Arbeidet var leia av dei eldste,men alle deltok.  Aldri var det feider eller mobbing. Her var me like, og målet var skeise is før jul. Me kom alltid i mål, og Stemmen var ein stor samlingsplass med mange forskjellige skeise aktivitetar. Gutar og jenter i glad leik saman i skumringa. Kven har ikkje vore med å leika "stela egg" på Stemmen. Alltid fredeleg og kjekt. Om Stemmen hadde eksistert burde den fått Nobels Fredspris, for eg trur det var verdas mest fredfulle plass. Stundom tenkjer eg at ungar fungerar best utan voksen innblanding. Me lærte å ta ansvar for eigen aktivitet, og eg trur me vart meir sjølvgåande enn dagens unge. 

Faktisk blei eg ganske forskrekka då eg hadde barn i skulen og deltok på utedagar. Det står skrekkeleg dårlig til med ski og skeise kunnskapane nå til dags..

Samtidig blir eg imponert av alt dei kan og veit. Liten tvil om at dei lærer mykje i barnehagen. Det er vel ei ny tid, og alle er barn av si tid seiest det.. Uansett gler det meg at barnebarnet mitt viser stor iver og glede over alt naturen har å by på.. Livet i fjæra er det samme nå som då eg vaks opp.

Julegåver før og no

Mykje har endra seg på Sæbøvik. Førjulstida er fortsatt flott. Ja, eigentleg finare enn nokon gang, med juletre tenning, musikk og mykje anna.

I mi tid som liten var det  heilt annleis.. Trur ikkje det var så mykje markering som nå til dags. Mindre voksen innvolvering tenkjer eg. Jo, utstillarane var jo voksne, men ute i gato var det vi som rådde. Alle ungane samla i sentrum for å få med seg årets juleutstilling. 

Me hadde  fleire butikkar som retta seg mot oss ungane med flotte juleutstillingar i butikk vindauga. Dei låg der på rekkje  og rad og baud på alt me ungane kunne ynskja oss til jul. N. Nielsen Eftf. (Odden), J.Christophersen  (Tvedten),  og så borterst Handelslaget med den største utstillinga.

Butikk vindauga var dekka med papir så me ikkje skulle kunna sjå kva som venta oss. Me vandra kvilelaust mellom butikkane på jakt etter eit lite glimt av noko spennande, men damene bak papiret let seg ikkje lokka, og spenningen steig. Det gjekk ryktar om bilar, dokker, båtar, ja gud veit kva. 

Så vart dekkpapiret fjerna. Me sto som fjetra og såg på alle dei fine leikene. Her var noko for alle...  Store i augo sprang me fram og tilbake mellom butikkane for å finna det me ville ynskja oss til jul. Eg huskar spesielt godt eit år eg fekk ein buss av tre, med sjåfør og skyvedørar av søster Åse.  Eg ser han for meg endo. Den flottaste kjøredoningen eg har hatt.

Det handla ikkje om Iphone og Huawei den gongen. Me trong ikkje noko ladbart for å få fram smilet. Nei eit hjul av tre var nok. Og tru meg, me var like glade for våre  gåver som dagens born er for eit elektronisk vidunder til å dele øyeblikka med.  Kva er forresten eit godt øyeblikk? Er det stunda på golvet med bussen, eller  er det skrytebildet du sender til ein kvan. Ikkje veit eg, men bussen huskar eg iallefall.

På tida denne sida handlar om, hadde me slengbukser, Suzuki og Tempo mopedar, og jentene  flokka seg på fotballkamp på gamla Myro om søndagen.

På tida denne sida handlar om, hadde me slengbukser, Suzuki og Tempo mopedar, og jentene  flokka seg på fotballkamp på gamla Myro om søndagen.

Me såg så lyst på livet at jamvel Mercury påhengsmotorane var kvite, og byjentene på ferie på Sjo, Nygård og Tofte var ein av oss.

Me såg så lyst på livet at jamvel Mercury påhengsmotorane var kvite, og byjentene på ferie på Sjo, Nygård og Tofte var ein av oss.

Rabben

Rabben.

Rabben.

Rabben og meg.

På Nygård hadde dei hest, Rabben.. Gammal og ikkje så sprek, men Rabben var min...  Kvar morgon kom Samson og stundom også Kristine kjørande forbi på veg ned med melk, og så videre med brød frå Toftes bakeri til Gimle. Og eg venta kvar morgon og fekk sitja på dei få meterane ned til sentrum.. slik var det, dag etter dag. Eg trur dei rekna meg som fast passasjer der eg sat bak på kjerra og dingla med føtene..

Så ein dag skullle mamma vaska kler i kjellaren, og hadde for sikkerhets skuld låst døra, så eg ikkje skulle fara or huset. Men Rabben kom jo, og eg måtte vera med.. Eg hoppa ut glaset og fekk min første kjøretur, kun iført singlett. Det har eg forresten ikkje gjentatt etterpå ))

Så fann eg ut at viss eg venta til dei hadde lasta opp brødkassane på bakeriet så kunne eg lura meg oppå utan at dei merka det. Eg så

gjorde, og sat musande stille heilt til vi kom til kyrkjo.

Då merka dei meg, og det vart diskusjon, kva no..

Det enda med at Samson stoppa bussen , kjøpte billet og sa at denne karen skulle til Sæbøvik..

Så kom eg heim og stilte i kjellaren hos mamma som vaska kler, opna handa med samankrølla bussbillettar med besked, "eg hopte ut daset og kjørte buss".. Sidan kalla dei på Nygård meg bare for blindpassasjeren.

Men eg var fortsatt hestagalen, og når eg vart gammal nok til å delta på potet plukking på Nygård, så var det meg som fekk kjøra inn potetene med Rabben.

Tekst: Frode Sæbø

Foto: Karin Gram-Nygaard

Rabben, Hans og Samson, foto Karin Gram-Nygaard/Ragnar Underland

Rabben, Hans og Samson, foto Karin Gram-Nygaard/Ragnar Underland

Livet på Nygaard i bilder. Foto: Karin Gram-Nygaard
Livet på Nygaard i bilder. Foto: Karin Gram-Nygaard
Foto: Karin Gram-Nygaard
Livet på Nygaard i bilder. Foto: Karin Gram-Nygaard
Livet på Nygaard i bilder. Foto: Karin Gram-Nygaard
Foto: Karin Gram-Nygaard
Livet på Nygaard i bilder. Foto: Karin Gram-Nygaard
Livet på Nygaard i bilder. Foto: Karin Gram-Nygaard
Foto: Karin Gram-Nygaard
Livet på Nygaard i bilder. Foto: Karin Gram-Nygaard
Livet på Nygaard i bilder. Foto: Karin Gram-Nygaard
Foto: Karin Gram-Nygaard
Livet på Nygaard i bilder, Foto: Karin Gram-Nygaard
Livet på Nygaard i bilder, Foto: Karin Gram-Nygaard
Foto: Karin Gram-Nygaard

Sørensgutane

Pappa og meg på søndagstur til Sørensgutane

Pappa og meg på søndagstur til Sørensgutane

Eg har fått nokre kommentarar, alt du veit og hugsar osv.. Klart eg hugsar, og her er forklaringa på mange av historiane. På søndag føremiddagane fekk mamma fri frå barnepass, og medan ho koka middag ( ikkje heilt fri altså), sette pappa meg på skulderen, og vi gjekk til Sørens gutane.. Kvar einaste føremiddag sat eg med Andersen, Toren, Ingrio og Eriken, Sigve, Per, og pappa og lytta til gamle  historiar.. Mange set som spikra endo.. Særleg gjekk det i fiske og jakt, og vetle meg fekk vekt interessa for fiske, båtar og gamle historiar

Eg er sikker på at Peren kan mange fleir enn meg, og interessa for hummar fiske har vi sikkert begge forankra i desse søndagane.

Tekst og foto: Frode Sæbø

Slåttonn midt i Sæbøvik

Slåttonn

Slåttonn

1970 . Landbruk og slåttonn .. Midt på Sæbøvikjo ..  !! Lenge sidan torrsild ..på løveggen ..

gjøyma og leita " bak hesjane .. Sommar !!

Tekst og foto: Gudveig Ringheim (nyforlova i kvite støvlettar bak hesja)

Veps og arkeologi

Ja, på Sæbøvik skal det vera ein.

Ja, på Sæbøvik skal det vera ein.

Nokon hendelsar går aldri i gløymeboka. Jan Gunnar Tofte du huskar sikkert desse historiane, då du er nærmare i alder med aktørane eg nå skal fortelja om enn meg.. På haugen like bortanfor stølen på Heio hadde Sæbøviksgutane ei hytta som dei levde ut gutadraumane i. Den var som ein slags base, der dei levde på poteter frå ein kvan sin åker, mjølk frå Gustaven på Oppheim sine kyr og fruktsuppa på pose..

Her utforska dei livet, lærte seg å røykja, drikka kaffi og smaka på sterkare saker.

Ein dag dei kjeda seg litt, kom nokre av dei på at dei kunne nå øsa opp upsagjengen litt. Så dei laga ei skei i leire som etter mykje arbeid såg både gammal og antikk ut. Så for dei til Sæbøvik for å vise objektet, og fortalde upsagjengen at dei hadde gjort eit arkeologisk funn på Heio. Det vart stor oppstandelse, og museet i Bergen vart kontakta,,,,, Eg trur dei sanna syndene før arkeologane ankom Heio for synfaring.

Ein gong hadde dei laga seg vin på ein dunk i hytto. Der hadde dei ein slange dei stappa ned i dunken, og saug etter tur. Ein dag dei kom for å smaka var slangen full av veps, og førstemann fekk ikkje mindre enn fem vepsestikk i munnen.

Han måtte til legen, og forklara det med at han hadde sykla ned heiaveien med open munn........

Tekst: Frode Sæbø

Sjøliv, altervin og kalosjer.

Då eg gjekk for presten skulle vi som ein del av konfirmasjonsundervisninga vitje kyrkja. Eg og nokre andre gutar og jenter overtydde presten om

at dersom me tok Jappen, båten vår frå Sæbøvik til Bastavikjo og gjekk opp til kyrkja, ville vi komma fram før resten av klassen. Presten synst det var greit bare me kom fram i tide. Men det var sol og fint, og Jappen gjekk seint og vi kom skikkeleg seint fram. Heimturen var like kjekk, og me kosa oss på fjorden. Vel heime langt utpå ettermiddagen stod prest Sørhus på kaien og tok

i mot oss. Då hadde det skya over.. Neste gang måtte me gå til kyrkje som dei andre.

ikkje finna kalosjane som han var sikker på stod utanfor klasserommet. Til slutt tok dei avgårde, og gutrampen med kalosjene gjekk på sidan av presten og let om at det var nå felt at nokon kunne

ta kalosjane

hans.

Også på heimvegen slo han lag med presten, men då dei runda brannstasjonen fekk han det travelt og fekk sett kalosjene på plass. Sørhusen forstod ingenting då dei stod der han hadde sett dei når han kom tilbake.

Året før var det også litt problemer for Sørhusen, då det kullet skulle på tilsvarande besøk i kyrkja. Det regna og var surt, men til kyrkje måtte dei. Då var det at ein av gutane fann på at han kunne bruka kalosjane til presten utanpå skoa. Dei kom seint avgårde for presten kunne

Tekst og foto: Frode Sæbø

Vikingkongar

Kong Paul

Kong Paul

Sæbøvik og Larsstø i eit nøtteskall er bautasteinar, viking graver på Larsstøneset, Skjoldmøyer og Viking kongar. 

På bildet vert "vikingkongen" Paul Skorpen og ordførar Aksel Kloster dradd i vikingskip frå Larsstø til Sæbøvik. Då dei passerer huset heima står mamma på trappo, Aksel snur seg mot ho og ropar. Her trelar, her bur Lisebetho, ho er god for ein million. Typisk Aksel, men ikkje heilt sant. ))

Tekst: Frode Sæbø

Rett størrelse

Frå utgravingane på Halsnøy Kloster

Frå utgravingane på Halsnøy Kloster

Halsnøybuen hadde vist liten interesse for Halsnøy Kloster ruinane. Men under dei arkeologiske utgravingane i 1961 endra dette seg, og drosje Larsen på Sæbøvik hadde hyppige turar til Kloster med skuelystne folk.

Ein dag hadde uppsagjengen bestelt drosje for å fara til Klosteret for å sjå på utgravingane . Det  var kommen for dagen godt synlege hovudskallar, og desse vekte interesse. På veg utover kom det til diskusjon i bilen om storleiken på folk før og nå.

Vel framme fant Gerhard Sjo frå Bråtet, ein av mennene i følgjet ut at det var bare ein måte å finna dette ut på. Han tok ut gebisset og la det ved sida av ein hovudskalle. Med dette eksperimentet klarta han å overtyda dei andre om at munkane hadde vore på samme størrelse som dei sjølv.

Tekst: Frode Sæbø, utdrag frå boka Halsnøy Kloster

Good old days

Godt nabolag

Godt nabolag

Mykje spennande på ditta bildet. Fint ver ser eg, Gerd luftar sengkleda på altanen, og har ein jobb på gang i hagen. Gudrun har dratt føre, Lisebetho har større jordbæråker enn Gunn. Og så ser det ikkje ut som om det er butikk nede hos Gudrun akkurat då bildet blei tatt. Per byggjer båt, og Sigve har ikkje planta hekk endo. Og så er det grusveg frå banken og nordover, Arne har endo ikkje planta kryp furene som vaks meir opper enn utover opp mot vegen. Løo til Lisebetho har sikkert eit av sine siste år, og strømstolpen midt i bakken, ville stått omtrent midt i kassaaparatet til jernvaren til Kjell Tofte. Men kor er kanin buret mitt, og frukt treo te Peren?

Tekst og foto: Frode Sæbø

Nilla jordmor

Jordmor kofferten til Nillo

Jordmor kofferten til Nillo

Jordmor Nilla I Nillesvingen ! 

Det må finnast gode historiar om Nillo , som har hjelpt så mange "  Til Verdo"  på øya . Her ein liten historie frå meg om Nillo . 

Eg var som barn overtydd om at Nillo hadde kome med bror min Arne i ein slik .. Koffert , og at det var derfor han var så vilter liten gut , hadde hatt så liten plass i kofferten .. ❤️Det hadde seg slik at broren heile tida sprang til sjøss .. På kaien og i strando som 2 - 3 åring . Fekk han ikkje opp døra , så hoppte han ut kjøkenglaset . 

Mor var som oftast åleine med oss når far var på Fiske . I den tida hadde me kjyr , gris , høns .. 

Arne ville ikkje vera med i fjosen , så det var nokre tilfeller at mor sette han fast i morellebærstreet med eit langt tau så han kunne leika der ei lito.. Stund .

Dette var kome Nillo for øyra , ho lika det ikkje og gav mor klar beskjed om at det måtte finnast ei anna råd . 

Og som oftast gjorde da jo da 😀😀

Neste dag kom Nillo på døra og ville ha guten med på skogstur så mor fekk kvila . Og slik vart det . 

Det varte og det rakk .. Og brått opna stovedøro seg .. Inn kjeme Nillo bærende med guten , svett og forkava med håret i full uorden .. Da einaste ho sa : " Her har de han " ingen fleire skogsturar og ingen fleire klager til mor .  Men ho kom m fleir i kofferten 😀😀😀

Tekst og foto: Gudveig Ringheim

Gudmunds Anton, Sæbøviks sterkaste mann

Gudmundshuset til høgre

Gudmundshuset til høgre

Gudmunds Anton kom i frå det såkalla Gudmundshuset like sør om Bråtet, og var son til Gudmund som var frå Røyso. Han budde på Nygård ned med bekken der som dei gamle tuftene var før. Omtrent midt i bakken ned mot sjøen. Kanskje tuftene er der endo ?

Soga seier at Anton var så sterk at når dei var på nisejakt, svinga han nisene over hovudet med ein arm. Ryktet sa at han hadde dobbelt sett med musklar. Han drog opp store notabåtar åleine som om det var ingenting. Og var det slåssing eller knuffing i festleg lag,var det nok at han viste seg, så tørka uromakerane vekk som dugg for sola. 

Anton kom frå ein sysken flokk på 7. Familien vart hardt råka av tuberkulose. Av sju born overlevde kun ei jente som dei sende vekk til Bømlo for å berga ho frå sjukdommen. Anton budde i denne tida på Nygård, men han døyde også tidleg av tuberkulosen som råka familen.

Tekst og foto: Frode Sæbø

Tørr is og Sunda boksar

Nå når me alt har passert midtsommar, og det er iskrem sesong, kom eg til å tenkja på mi første iskake. Eg var ikkje gammal, eg vil tru seint på femtitallet,  og det var før me fekk fryseboks. Ikkje hugsar eg kva som var anledningen heller. Men iallefall, hadde onkel Ole med seg iskake heim ifrå by'n. Den var godt pakka og låg på tørris for å tole reisa. 

Du verden for ein fest, og for ein smaksopplevelse. Eg gløymer det aldri. Tørrisen var også frykteleg spennande der den låg og fresa på kjellargolvet.

Truleg var denne hendinga med å påvirka innkjøp av fryseboks i heimen.

Etter at fryseboksen var på plass vart heimalaga is, nedfrosen og servert i tomme Sunda boksar ein velkommen laurdagskos. Me fekk jamvel lov å ha isen med til sengs når vi la oss. Liv Torunn , Anne og eg med kvar vår Sundaboks, og min varte alltid lengst. 😊

Tekst : Frode Sæbø

Minnerik bytur

Eg var 6 år då pappa ein kveld spurde om eg villa vera med til Bergen tidleg neste morgon. Selmer Rygh og Odd Jarand, skulle til bydn eit ærend med båten deira som eg trur heite Korvett. Den var svart eller iallefall mørk kan eg hugsa.

Eg var ikkje sein om å svara ja. Neste morgon var me grytidleg oppe, lenge før sola stod opp for det tok mange timar til bydn. Muleg me starta på natta. Og eg huskar me vart innlosjerte i akterlugaren. Været var bra, det vil sei kaldt og striregn, men heldigvis ikkje vind. Pappa og meg hadde eigentleg ikkje noko ærend. Dagen og papen var min kan du sei. Først på akvariet, du hendelse kor fantastisk. Deretter på zoologisk museum, eg huskar store skjeletter av spennande skapningar, strutse egg og mykje anna eksotisk. Me var rett og slett på dill som det heite før. 

Eg nevnte regnet. Joda søkkande våte , særleg på føtene, men pappa visste råd. Onkel Ola som var statsautorisert revisor hadde kontor på Torgalmenningen. Eg hadde aldri før vore på eit kontor, me gjekk inn døra like ved tobakkbutikken Sørensen, gjekk andektigt opp, og vart godt mottekne av onkel. Eg fekk varma meg og tørka sokkane på ovnen, og eg trur me fekk tebrød. Så var det bare eitt ærend igjen før Korvetten sette på sør om ettermiddagen. Pappa måtte innom eit hus som heite Vinmonopolet og kjøpa noko som ikkje skulle snakkast om. Brandy Special heite det, og flaska fekk hemmeleg lagerplass i kjellaren heime. Etter kva eg har høyrt fekk ein kvan av svograne mine smaka mange år seinare. Eg har aldri fått oppklart om det var samme flaska, men opp i stova kom den iallefall aldri.

Tekst: Frode Sæbø

Brannsirena på kommunehustaket

Eg hadde hadde ikkje så mange  bekymringar då eg vaks opp på Sæbøvik. Mi største bekymring var brannsirena som stod på taket av kommunehuset. Sirena var ikkje så mange meter frå soveromsglaset mitt. Den laga ein fryktelig lyd, og bar bud om forferdelse. Eg var rett og slett redd, og broder Arne som var brannmann hadde ingen trøst. Eg måtte forstå at det kunne stå om liv. Ein gong sat vi og åt når sirena starta å ula. Broderen sette på dør, og oppdaga først då dei var komne til Kloster at han hadde gløymt å tyggja maten.

Første personen ein møtte på Sæbøvik etter at alarmen var gått, var alltid Mary Tofte, og ho kunne fortelja dei utrykkjande brannmennene,  og oss andre redde og nyskjerrige kva som var på ferde. Truleg hadde ho eit nært forhold til telefondamene i nabohuset.

BRANN OG MISJON

På 50 talet kom dette vidunderet,  Brannalarm på plass på kommunehustakje..  eit brannmannskap vart oppnemt,  og me hadde ein gong fått høyrt..prøve på  den fælslege lyden .. Skremmande !!
Me snakka ofte om kven som vart den første..  som måtte knusa " glaset " som stod på postveggjen .. Om det oppstod ein skikkeleg brann osv
I desse tider .. Var det mest kvar sommar Misjonstelt på bakkane på Sæbøvik .
Det var spennande for oss  ,både  små og store jentonga !! Alle generasjonar var samla , og me sat fremst .. Nokon av predikantene var dessutan veldig kjekke å sjå på ..
Det var svært mykje fin song og musikk , noko som var mangelvare i vår ungdom .
Til tider er eg ikkje sikker på om me forstod kva det vart tala om .. ??
 Men ein kveld var det " sterke " ord i talen om dommedag etc,  og at Halsnøyfolkje måtte tenkja seg vel om .
Me jentene sette oss på Særstenkaien etterpå og hadde ein alvorleg prat om dette kunne vera tilfelle .. Me lika  det ikkje,  og var helst urolige .. Her i vår sutalause .. Rolege verden .. . Trudde ikkje me kom til å få sova .. mm .
Og så ...  Akkurat denne natta .. Eg låg trygt og sov .. vart BRANNALARMEN utløyst , lyden var grusom rett utanfor kammersglaset . . Eg for på dør i berre nattkjolen nedover vegen .. Der møtte eg både far , Martin , Peder , Milleperen .. Selmeren og Johannesen mfl .
 Eg ropte og hylte .. E da dommedag , e da domme dag ???
 Då stoppa Johannesen meg og sa :"  Gå heim og legg deg jentebadn !!!  Ikkje e da dommedag og Ikkje veit me kor da brenne "   !!!
Om litt " dokka "  ,, to lystige " kanaljer " opp utfor Posten .. Dei var på båttur til Halsnøy og dans i Bromlo , dei ville berre prøva SIRENO .. !!
Trur det vart nokre dagar til eg gjekk på nytt møte i Teltet !!

Tekst: Gudveig Ringheim

Flystyrt på Halsnøy

Flyvraket på Fatland

Flyvraket på Fatland

Om kvelden 23. januar for  60 år sidan styrta eit militært treningsfly med 2 ombord på Halsnøy, og utløyste ein stor redningsaksjon.

Flyet var ein Harvard på øvingstokt frå Fornebu til Værnes med Trygve Bjørn Jørgensen som pilot og Eirik Kloumann som den andre. Værtilhøva vart så problematiske like før målet for toktet at dei snudde for å fly tilbake til Oslo, men så svikta kompasset og dei kom ut av kurs.

Det var mørkt og dårleg sikt. Dei fekk kontakt med Sola, men hadde så lite drivstoff igjen at dei ikkje kunne nå nokon flyplass. Alternativet var fallskjerm når tankane var tomme. Kloumann hoppa frå 6000 fot, og Jørgensen 3 minuttar etterpå. Jørgensen tok seg fram til ein gard på Fjelland, men Kloumann melde ingen livsteikn korkje då eller seinare. Han vart aldri funnen. Flyet fann lokalkjende dagen etter, 500-600 meter i luftline frå Arnavik, ved Fatland.

Kjelde: uskedalen.no / Trygve Haugland

Telefon nr. 1 Sæbøvik

Annbjørg og Norolf Tvedten

Annbjørg og Norolf Tvedten

Butikken J. Christophersen i Sæbøvik hadde telefon nr.1. Den var dreven av ekteparet Annbjørg og Norolf Tvedten. To varme heidersfolk som fremkallar gode minner. Butikken deira var også nr. 1 på godt humør og god service.

Norolfen hadde i mange år ein Peugeot stasjonsvogn. Den hadde han i garasjen ved sida butikken. Ein søndag føremiddag kom han ruslande og fortalde oss ungane som leika i sentrum at nå var nye  vegen til Sydnes opna, og han lurte på om me villa vera med på tur.Peugeoten vart stua full med ungar og på tur sørover til Sydnes bar det. Ei storhending som står friskt i minnet.

Eit anna minne knyter seg til Annbjørg. Ei natt eg kom kjørande heim med motorsykkelen, kjørte eg på ein katt. Den vart så skada at eg forstod den måtte avlivast, så eg gjekk heim og henta utstyr for å utføre avlivinga. Deretter tok eg katten med og grov den ned. Eg visste ikkje kven sin katt det var før Annbjørg lenge etterpå fortalte meg at det var hennes katt.  Ho var glad for at eg gjorde slutt på lidingane, og takka meg for at eg hadde avliva den og grove den ned. Ho hadde sett alt, og var glad katten slapp å ha det vondt.

Tekst: Frode Sæbø

Foto: Hanne Sissel Tvedten Særsten

Min første gsm mobiltelefon var norsk.

Simonsen GSM Freeway

Simonsen GSM Freeway

Simonsen GSM Freeway

Den norske telefonprodusenten Simonsen vart etablert i 1970. Simonsen var ein stor aktør i NMT tida, og kunne lett blitt ein like stor mobil produsent som Ericsson og Nokia.

Simonsen var omtalt som mobiltelefonanes Rolls Royce, men lukkast ikkje med omstillinga til GSM. Den første og siste GSM telefonen var GSM Freeway. Men gsm æraen enda med mageplask då det engelske selskapet som produserte telefonen med japansk batteri vart oppkjøpt av Ericsson.

Eg hadde skaffa meg ein slik Simonsen GSM Freeway. Eg stod i kø på Elkjøp I Åsane frå tidleg morgon og fekk tak i ein slik telefon med Netcom abonnement. Her var det ikje snakk om mikro sim, nei her sette ein inn heile sim kortet i full størrelse.

Men også min Simonsen telefon enda med mageplask.  Som alle stolte mobiltelefon eigarar på den tida,  hadde eg sjølvsagt telefonen lett synleg i brystlomma  på skjorta. Då eg ein fin sommardag ankom Larsstø med tresnekka, hadde eldste guten på 2-3 år det travelt med å komme på land. Eg fekk kasta meg fram og huka tak i han før han tok vatnet, men telefonen fortsatte bevegelsen og havna i sjøen på 4 meters djupn. Men men, det gjekk nå bra med guten, og Simonsen var nå tross alt berre ein telefon.

Kompassklubben

Steady as she goes

Steady as she goes

 Me var store klassar på Tofte i vår tid, og ein dag kom Asgeir i klassen under  oss og villa ha oss gutane med i ein klubb som heite "kompassklubben". Vi lurte på kva det var for ein klubb og vart forklara at det handla om å navigere og å finne rett kurs. Viss me ville vera med skulle me møte i presteboligen på Heio neste ettermiddag.

Me stilte godt forberedd i treningsklær og med kart og kompass klare til å læra oss å springa orientering.

Prestefrua tok godt i mot oss, viste oss inn og serverte boller og kakao.

Ho var høgt oppe over det gode oppmøtet, men måtte medgje at kompassklubben handla om å stake ut kursen i livet, og ikkje om O løp. Skuffelsen var stor då me oppdaga at det ikkje var orienteringsløp som stod på agendaen. Etter lange forhandlingar vart så kompassklubben  starta opp, men med lovnad om at me også skulle få læra bruk av kart og kompass. Trond Arnevik vart så henta inn til å læra oss dette, mens prestefrua tok seg av den åndelege kursen. Me fekk med andre ord både i pose og sekk. Eg er den dag i dag i stand til å navigere med kart og kompass.

 Ellers får eg sei som Kalle Brakhaug  då kapteinen kom på brua og spurde han kva kurs han haldt. New York kaptein svara Kalla. Godt svara kapteinen, det er dit vi skal.

Fest før mobilen si tid

Hadde du ikkje bestilt var det også ei råd somme stader, for fleire plasser hadde dei folk med fast bestilling enten dei skulle ha eller ikkje.  Og då kunne ein få av den kvoten, men då henta opp av luka i kjellargolvet og rett i bagasjerommet på bilen som stod tett attmed døra. For å gjera seg fortjent til denne servicen var det vanleg å først handla ein del andre varer før ein bar fram ærendet sitt.

På laurdagen kom rutebåten til Arnevik tidleg på kvelden. Då gjekk ungdommane ombord, kjøpte billett til Eidsvik. På båten var det råd å kjøpa øl, og då hadde ein akkurat rukke å drikka seg seg til mot til å gå på dans når ein ankom Eidsvik seinare på kvelden etter rundtur i indre Sunnhordland.

Det var ikkje øl å få kjøpt i butikkane

før. Dei hadde vørterøl og lagerøl, men ingenting med prosentar i. Men

du

kunne

bestilla i kassavis og få det smuggla ut bakvegen.

Det var dans i Bromlo før. Men sjølv har eg aldri dansa der. Golvet vart strøydd med potetmjøl  tidleg på kvelden, det var glatt som isen på Stemmen og Fjellandsvatnet. Ingen våga seg utpå før tre timar seinare, kanskje  eit nyforelska par gjekk nokre tangorundar, men så  var det stille att heilt til nokre jenter stua seg saman i fellesdans. Etter ei stund kom dei inn alle som hadde drukke ute, slo ut med armane, slo helane i golvet og helsa til spelemennene som dei var gamle kjende.

I elleve tida kom det båt frå Sunde og bilar frå ut og inn på øyo, det gjekk sukk gjennom lufta, karane vart utfordra.  Inne på golvet bar dei i hop i frilynt slagsmål, reiv i trøyene, det spraka i buksebakar.  Ute gjekk duellantane nye rundar, uskuldige kom i mellom, tenner losna, og så  kunne dansen inne halda fram, rolegare no, damenes, siste dans, klining i krokane og lang veg heim. 

Kongen av Danmark

Kongen av Danmark

Kongen av Danmark

Det var ikkje så stort utvalg av snop før. Kandissukker og drops var det mest vanlege.

Me visste godt kven som hadde drops på lur. Bestefar hadde kamfer drops i eska si på rommet på loftet, og i Bråtet vanka det kamferdrops hos bestemor Siri, og Kongen av Danmark i Gillanaustet hos onkel Gilla. Dei gamle kalla forresten dropsen for Bong-Bong.

Søtsugne ungar gjekk ruta innom og prata og fekk bong-bong. Bånd vart knytte, og stundene var like kjærkomne både for gammal og ung. Ellers var det kandissukker, slike brune klumpar med hyssing i. Å du verden så godt.

Seinare kom kvite raudstripete Polkagriser, Bringebærdrops, Smørmalt og sikkert fleire.

Bong-Bongen følgte oss heile oppveksten i kvardag og fest. Det var ingenting som heite laurdagsgodt på den tida, men søtt var søtt, då som nå.

Bong Bongen  blei med oss over i ungdomstida også, og ein gong eg hadde heima aleine fest, hadde me fått før oss at 60% brennevin, litt vatn og ein pakke med Kongen  av Danmark bong-bong oppi  ville gjera susen. Ei stund på kokeplata, og huset osa av drops og brennevin. Verdens beste varme punsj meinte me, og keitete ungdommar vart verdensvante herremenn på ein blunk. Det lukta Kongen av Danmark i huset i mange dagar, og og mamma forstod aldri heilt den gode eimen i huset.

Så skulle me til Kjeka på dans og hadde bestelt drosje hos Larsen.. Han kom som avtalt, og fekk bilen full av Danske Kongar.. Lukta visst drops i bilen lenge etterpå.. Han spurte alltid om vi hadde noko drops på lur etter det...

Som i fjor

I går var det ein som spurde meg kven som hadde vore læraren min i barneskulen. Det var lett å

svara på kven som hadde oss i første klasse då me lærte masse. Så vart det vanskelegare, og eg måtte sei at i eit par år visste eg ikkje sikkert om eg hadde lært noko. Iallefall huskar eg att eit år stod det

i karakterboka

"Berre godt å melda om Frode". Det var flott tykte mor mi. Året etter stod det bare Som i fjor, helsing nn. Då kvitterte mamma med Som i fjor, hans mor. 

Men me lærte å lesa og skriva, og somme lærte til og med og rekna. Dei siste åra i barneskulen kom Gunnar Ivar og lærte oss det meste av det me kan.

Mykje har endra seg i barneskulen sidan mi tid på 60 tallet. Me vart ikkje så nøye målt før, men folk blei det av oss alikevel.

Del denne siden