Thomas Tørrisen fødd 1851 på Sjo. Han var gift med Anne Karine Halvorsdatter

Thomas Tørrisen fødd 1851 på Sjo. Han var gift med Anne Karine Halvorsdatter

Tørrisane, i små kår på Sjo og Kjeka

Som me har høyrt var liv og lagnad svært forskjellig i Sæbøvik. Eg har skrive om korleis Sæbøvik vart nytt sentrum på Halsnøy. På den tida var dette området utmark for Sjo og Nedre Sæbø. Grensa mellom Nedre Sæbø og Sjo gardane gjekk der den private vegen går opp like innom Trallehuset, slik at området innanfor høyrde til Sæbø, og det som var utanfor høyrde til Sjo.

Me kjenner rimeleg godt til historia både til Sæbø og Sjo gardane. Eg har allereide skreve om Søra Sjo, og vil etterkvart også skriva om Nordre Sjo. Men i dag vil eg skriva litt om korleis livet kunne væra for dei som ikkje hadde gard, som kanskje var husmenn, strandsitjarar, eller kan hende var på fattighus i denne tida.

Me skal først sjå kor folk kom i frå i gamle Fjelberg, kikka litt på samkvem mellom bygder og typiske bustadsmønter i området. For å illustrera dette skal me følgja ein familie i små kår, og sjå korleis livet var for desse som ikkje hadde gard og velstand på det som den gang var Sjo.

I opgåver over innflyttarar og gifte I Fjelberg ser me at svært mange kom frå stader som Bjoa, Tysnes, Skånevik, Ølen og Kvinnherad, og i noko mindre grad frå Bømlo og Stord. Difor skal me freista å følgja Marthe Thomasdotter sitt liv og lagnad her på Halsnøy samtidig som me freistar å finna ut litt om etterkommarane.

Kjeka var ein naturleg innfallsstad for innflyttarar frå sør sida av Bjoafjorden. Namnet på garden Kjeka på Halsnøy i Fjelberg er mellom dei mest gåtefulle på øyane i området. Det let seg ikkje føra attene til eit ord som er kjent og brukt nå. 

Det er sannsynleg at Kjeka har vore urbølet for folket sør på Halsnøy, og at gardane Sydnes og Fatland og seinare Arnevik har vorte utskilt frå dette urbruket. Då kan me rekna med at Kjeka var eit usamansett naturnam som går attente til den eldste namnetradisjonen me kan rekna med, det vil seie til rundt starten av vår tidsrekning. Slike naturnamn har oftast samanheng med tilhøve i naturen. Og leitar me etter etymologien til Kjeka, kjem me til ordet ei kise eller ein kik, som begge tyder utbuling.

Om dette er urbølet for folket på Strondo, tyder det at det var her på Kjeka dei først vart bufaste og flytte åkerlappane sine omkring, ein gong for vel 2.000 år sidan. Den gongen var dette senteret i området, men utviklinga har seinare gjort at både Fatland og Sydnes låg laglegare til for seinare tider si næring og forteneste.  Kikavika var ei naturleg god havn, og det er lett å sjå for seg at her var aktivitet med fartybyggjing og føring av  jakter for sjøveis frakt og transport.  Sjøen var einaste farbare veg. Like ovanfor Kikavika finn me Bjørkelivegen, og det var truleg i dette området nær sjøen at husmannsplassen Bjørkehaugen var lokalisert. Det er derfor narurleg at dei livnærte seg av sjøen og fartybygging.

Den første ein kjenner på Kjeka var Sivert som er nemnt i 1519. Noko meir enn namnet kjenner me ikkje til denne første busitjaren på Kjeka. Skattematrikkelen frå 1647 fortel oss at Axel Mowat åtte garden då, men me må rekna med at garden var klosteret sitt gods før dette. I 1657 bygsla Laurits Nilsson garden, men alt i 1665 var det ein ny mann på garden. Han heitte Nils og var fødd ikring 1640. Han var kan hende son til Laurits. Etter Nils var det Hans Reinertson som kjøpte halve Kjeka i 1688 av Ludvig Rosenkrantz. Det er elles sparsamt med opplysningar om den første sjølveigaren på Kjeka.

Kjeka var eit lite relativt avskjerma samfunn med etter måten uoversiktlege slektskapsforhold. Det må såleis etterkvart ha vore kjærkomme med innflyttarar frå Bjoa og andre stader i nærleiken.

Marthe Thomasdotter var fødd 17.mars 1828 på husmannsplassen "Sagbøen" i Innbjoa. Marte kom til Kjeka i teneste, truleg hos slekta, og gifta seg med Tørres Jonsson fødd 10.mars 1819. Dei gifta seg i Fjelberg kyrkje 22. september 1851. Tørres var son til Johannes Tørreson og Helga Johannesdotter i Kjeka.  

Tørres og Marthe flytta nordover på øya, og i 1855 ved dåpen av sonen John er oppgitt bustad Sjo: Sjur. I folketeljinga 1865 finn me dei på Sjo, teljingskrets 002 Vestre, Bosted 0066 Røiso. Dei bur då i sidebygning med sønnene Tomas Tørrisen, 15 år og Helge Johan Tørrisen på 8 år. Tørres er då kalla husmand med jord. Tørres døde 25/9-1871.

Det var to husmannplasser med navn Røiso på Sjo. Røiso som me kjenner nå i aust, og så Røiso Vestre som me trur var der løa til Søren Sjo stod. Løa er nå reven,  eigedommen er nå eigd av  Sindre  Fjelberg.

I folketeljinga 1875 finn me Marthe på Sjo, tellingskrets 011, Bosted 0068, under 34. Dette høver godt med at dei også er registrert hos Sjur, som er brukar på Sjo bruk nr. 34. Dei er då i sidebygning med nattopphold. Ho er då  husmandskone med jord, opphold for en del av fattigvesenet. Ho bur då saman med borna, Helge, Bertel, Helga, Tørres Martin samt Thomas som gifta seg med Anne Katrine Halvorsdatter frå Bjørkehaugen i Kjeka i 1872.

Dei hadde borna: • Tørres Martin,1874 • Anne Marie • Serina, 1876 gift med bøkker Nils Knutsson Hjelmervik, med dottera Tomine Marie, f.1908 • Berta Gurine, 1880 • Hanna Helene, 1883, seinare gift Liabø og busett i Haugesund med etterslekt. • Thomas Andreas Sjo, 1886, datter Aslaug Karine Sjo,1932

Etter Tørres Jonsson sin død i 1871 vart truleg levekåra ekstra vanskelege for Marthe og borna. I 1875 veit me frå folketeljinga at ho for ein stor del vart understøtta av fattigvesenet, og døde i 1881 som lægdekone på Tofte.

Fjelberg var på denne tida ein føregongskommune innan fattigvesenet, og hadde mellom anna vedteka at alle som var registrert av fattigvesenet hadde krav på sko, klær og likkiste frå kommunen.

I folketeljinga 1875 finn me Thomas og Anne Karine i Bjørkehaugen på Kjeka, så dei må ha flytta fram og tilbake mellom Sjo og Kjeka. Thomas og Anne Karine var fortsatt ei stund framover busett på Sjo. Me veit ikkje heilt sikkert akkurat kor dei budde, men det finst fortsatt folk på Halsnøy som kan huska å ha høyrt om Tørrisane. Mellom anna kan Jan Gunnar Sjo huska at faren snakka om Tørrisane som var naboar. Dette tyder på at dei budde i området rundt Øyatun eller fotballbanen. Dette var på den tida under bruk nr. 34 på Nordre Sjo. Mor mi snakka også om nokon  i små kår som budde i eit naust eller lignande på Larsstø. Det er grunn til å tru at dette var Tørrisane. Røiso Vestre som dei var innom i 1865 er også i dette området. 

Ei tid før mora sin død reiste alle borna og deira familiar til Haugesund, og det er stor etterslekt både der og andre stader. Etterslekta klarte seg godt i Haugesund og fleire lutmerka seg med tjeneste som krigsseilarar under andre verdenskrig. Både Emanuel Bertin Sjo, Karl Leonard Sjo og Helge Johan Sjo er alle direkte etterkommarar etter Tørrisane, og er registrert i krigsseilerregisteret.

Thomas Andreas Sjo har etterslekt i Sveio. Dette er truleg einaste link tilbake til Halsnøy då det er felles slektskap med Ditlef G. Møller i Sveio, som skal ha hatt ei syster på Halsnøy, truleg i Høylandsbygd.

Foto:Karin Lie                                                                                                                                                                   Tekst: Frode Sæbø/Gudveig Sæbø Ringheim

Hanne Helene Tørrisen Sjo nede tv. med familie i Haugesund. Ho blei gift Liabø.

Hanne Helene Tørrisen Sjo nede tv. med familie i Haugesund. Ho blei gift Liabø.

Thomas Andreas Sjo, kona Emilie til venstre og den vesle jenta er dattera Aslaug Karine.

Thomas Andreas Sjo, kona Emilie til venstre og den vesle jenta er dattera Aslaug Karine.

Del denne siden