Kjærleiksvise tileigna Kristine Helland

Toftevåg vart gitt i bryllaupsgåve til Kristine Helland frå Husnes og Tønnes Tønnesen frå Stavanger.

Dei to hadde funne kvarandre, og kjærleiken blomstra. Men flaggskipperen frå Stavanger var ikkje god nok for storfolket på Helland. Kjærleiks-sorga var stor, og Tønnes reiste ut på sjøen og for til Øster-sjøen.

Han trudde han aldri meir ville få sjå si kjære Kristine igjen. Frå Østersjøen sende han ei kjærleiksvise som avskjed til Kristine. Den må ha gjort stort inntrykk for etterpå fekk dei alikevel gifta seg, og far henar Johannes Gunnarson Undarheim kjøpte Toftevåg til brureparet. Dei fekk berre fire lukkelege år saman  i Toftevåg. Tønnes døydde og etterlot seg Kristine som seinare gifta seg oppatt med Andreas Silseth.

Her kjem ei avskrift av kjærleiksvise på heile 30 vers:


Avskrift av visa er utlånt av Idar Landa

TOFTEVÅG - EI HISTORIE OM 

HANDEL, SKJENK, STERKE KVINNER OG MISJON

Ingen bygd på Halsnøy har ei meir spennande historie enn Toftevågen. Lunt plassert i Høylandssundet har staden i alle år vore ei trygg og god havn for jekter og seilskuter langt bakover i tida. Eit tingbok blad frå 1706 nevner Toftevåg som handelsstad alt i 1675, så her er gamle handelstradisjonar, truleg den eldste handelstaden på øya. Det var med andre ord handelstad her for omlag 350 år sidan, og kan hende lenge før det.


Toftevåg og Valen kappast om å verta hovedsete for handel. Sidan Valen stod framom alle dei andre gardane ved Høylandssundet i makt og velstand er det påfallande at dansken Otto Capell som i 1733 skatta som gjestgjevar i Valen fekk gjestgjevarbrev for Toftevåg i 1738. Det var truleg gjestgjevarstad på begge stadene ei tid, men i 1745 fortel eit tingvitne at det berre er gjestgjevarstad i Toftevåg. Dette fall den lokale maktpersonen i skipsreia, fogd Hesselberg tungt for brystet, og Otto Cappell fekk pålegg om å flytte gjestgjevarstaden tilbake til Valen. Det enda med at Cappel alikevel fekk løyve og blei værande i Toftevåg.

Gjestgjevarstaden eigde alt som var av bygningar som trønderst for drift, men tomta var bygsla av Øvre og Nedre Tofte.


Otto Capell som var gift med Berte Hansdotter frå Bergen hadde ikkje barn.

Historia om Toftevåg er på mange måtar ei historie om vakre og sterke kvinner som var med og forma utviklinga.


Som me allereie har høyrt så var den første innehavaren av gjestgjevarstaden barnlaus slik at gjestgjevarstaden var skjøtt over fra Otto Cappell til Nathaniel Gram Knutsson, videre til Nils Nilson Toftevåg som også ei tid var gjestgjevar i Skånevik. Nils vart seinare gift til Sjo, og vart den fjerde og siste lensmannen på den såkalla lensmannsgården på Sjo.


Toftevåg blei då kjøpt i bryllupsgåve til Tønnes Tønnesen og Kristine Johannesdotter Helland frå Husnes. Tønnes Tønnesen var flagg-skipper i Østersjøfart. Han var blitt kjent med Kristine. Dei blei forlikte og ville gifta seg.


Men det var ikkje nok for ekteskap i dei dagar. Foreldra ville ha eit ord med i laget. Far hennar, Johannes Gunnarson Undarheim som var gift til Helland med jordajenta der, Else Marie  ville ikkje vita av giftermålet. Han sto som kakse. I tillegg til den store hagen hadde han Oppsanger-saga og dreiv dertil med nordlandsfart og skipsbygging i Undarheimsvågen.

Ein kakse måtte også dottera ha, for her var både rikdom og skjønnhet.


Tønnes tok ut på sjøen med si hjartesorg. Frå ei Østersjø ferd sende han si Kristine ei lang kjærleiksvise, som står høgt både i innhald og versekunst seier soga.


Skjønne Kristine hadde lært at den "trå" vinn. Ho gav ikkje opp. Faren laut fira for flaggskipperen, og kjøpte Toftevåg til dei unge  då dei gifta seg. Dei levde i lag i 4 lukkelege år. Så døydde Tønnessen. Dette var omkring 1860.

 

Det var såleis igjen ei ung vakker og velståande enkje i Toftevåg. Den som hadde lukka med seg her, ville komma til levebrød.

 

Andreas Silseth frå Møre kom til Husnes som emissær i lag med Jakob Tråsdal frå Bergen på denne tida. Han slo seg ned som huslærar hos Hagtor Thorsen på Sunde. Han blei og kjend i Toftevåg.


Det høvde så at han av og til møtte Kristine. Det enda med at dei gifta seg, og han flytta til Toftevåg i 1866. Året etter får han kongebrev på at han er gjestgjevar på staden.

 

Andreas Silseth var altså den som vant det store loddet og kom til både kjærlighet og levebrød i Toftevåg.

Det var under jektebygging i Undarheimsvågen at Knut skåluren vart kjend med dottera til Johannes, Gunnarson Helland, Margrethe. Dette er koblinga mellom Helland, Skåluren og Silseth i Toftevåg.


Han må ha vore ein uvanleg allsidig kar. Før han kom til Toftevåg var han reisetalar i lekmannsrørsla. Han var ein sentral person i Sunnhordland og Voss Indremisjonssamskipnad. Han dreiv såleis både med skjenking og forkynning.


Mange kom til heimen deira i mange slag ærend. Kristine var ei makelaus god  husmor, som alltid tok venleg og godt imot.

Mykje folk hadde dei også sjølve i hushaldet. Det var 2 sjøhusdrenger, dreng til gardsbruket samt jente på krambu og kjøken og bakar på bakeriet. Dei som kom i teneste lika seg og gav seg tid i Toftevág.


Andreas Silseth var veldig interessert i kristeleg arbeid, og fekk i 1887 reist bedehuset «Zoar» på Tofte. Mykje av kostprisen for «Zoar» var betalt av Silseth personleg.

Kristine var husfrue og tok del i drifta i lag med Andreas. Dei var begge truande.

Kristine stifta i 1863 Indremisjons laget «Gamleforeningen» Halsnøy Kvinneforening som feirar 160 år i desse dagar.

 

I starten heldt denne foreningen til heime i stova i Toftevåg, men dei flytta seinare  samkomene til «Zoar» då bedehuset kom. Kristine var såleis ein ruvande skikkelse i kristenlivet på Halsnøy.

 

Kristine og Andreas hadde heller ikkje direkte etterkommarar. Men i 1875 var det på Møre eit ektepar som kom vekk på kyrkjeveg. Dei let etter seg to søner. Dei kom til oppfostring hos skyldfolket sitt i Kvinnherad. Den yngste av dei Johannes var fødd den 29. mai 1875, og var ikkje store karen då han kom som sønn til Kristine og Andreas Silseth i Toftevåg. Den litt eldre broren, Peder kom til Helland i Kvinnherad.

 

Mykje er sagt og skrive om Anders og Johannes Silseth. Den første gifta seg til velstand, dreiv godt og hadde stor tillit, og den andre, Johannes som overtok synte seg også å væra ein dugande mann som dreiv Toftevåg videre fram til sine store høgder tidleg på 1900 talet.

 

Asta Helvik fortel:

Johannes var framsynt, og hadde meiningar om mangt og mykje.

Han kunne væra tydeleg i språkbruken, og ein gong skulle det væra bryllup. Brurfolket var ikkje heilt som ein skulle væra, og skulle vel gjerne ikkje fått gifta seg. Men der var mykje folk til stades, og då Johannes Silseth vart spurt om han skulle til bryllups svara han.


» Nei, eg er ikkje med og giftar idiotar».


Det vårt fødd mange barn i det ekteskapet, og alle mangla noko..


Elsa Skåluren, søskenbarnet hans stelte for han både i heimen og i butikken. Mødrene deira var søstre frå Helland.

Elsa styrte på krambua, og ho hadde bjelle på kammerset som ringe når det kom kundar. Det var ikkje åpningstider på den tida.

Framfor huset var det ei stort tulipanbed, og Elsa hadde inngjerda hage med roser.

Både Elsa og Johannes var svært glade i barn. Dei hadde kvart år julefest for ungane i bygda, og kvar av ungane fekk då kvar sin pykapose med tørka fiken og anna godt.

 

Asta fortel at ein gong skulle dei ha ein mimeleik til ein sang, og då skulle dei væra heilt stille. Men Asta som var lita jente spruta ut i latter, og då sa Silset'n...


» Du kan ikkje le du som er dau» !

 

Johannes Silseth var svært imot alt som heite tobakk, det kunne mellom anna føra til at ein mista håret og ikkje kunne få barn. Så då var det gjerne ikkje så løye at han til 60-årsdagen fekk følgjande telegram.


60 år og mykje hår

Ikkje skrå

Ingen små.

 

Både Elsa og Johannes vart gåande ugifte – kanskje hadde dei nok med kvarandre. Dei var begge aktive i lokalmiljøet. Elsa var formann i husmorlaget. Dei samla mellom anna inn pengar til brurstolar til Eid Sokn kyrkje. Då dei gjeve stolane var kommen på plass i kyrkja, sa Elso: «Kan tru vi hadde hatt lyst å prøva dei»

 

Elsa var eit organisasjonsmenneske. Ho var med i misjonsforeningen, husmorlaget, og helselaget, og var ofte talar på stemne og møte.

 

Elsa Skåluren var ivrig brevskrivar, og i utsnitt av brev til syster si Brita i 1947,  skriv ho:

 

I morgo skal vi ha kvindeforening, og så har vi auksjon og basar ein gong føre jul – Da e streve å vera med mange gonger- men det er så gildt, at der vert eg med så lenge eg vinn ( ! ).

I husmorlaget samla vi inn til Europahjelpi og fekk inn kr. 3400, og det kjem nok vel med.

Nylig har vi havt basar for helselaget, fekk vel kr. 1.000 ei kveldsstund, eg er kasserar der – ja for gamlemisjonen og, det vert altfor mykje dei same som er med over alt.

Og så veit du det er husmorlaget, det tek no si tid.

 

Det siste minnet Asta Helvik hadde frå Johannes Silseth var då ho kom for å kjøpe mjølk. Han var då sengeliggjande på kammerset sitt. Då han høyrde ærendet hennar sa han.


«Ka er det å kjøpa mjølk mot å få reisa til himmelen til mor».

 

Johs G . Tofte fortel om Johannes Silseth at det fanst ikkje ein meir trufast kyrkjegjengar enn han. Han satt alltid framme under preikestolen.

I ein av dei siste samtalane han hadde med han sa Johannes Silseth.


«av alt eg har teke meg føre av vist og gale, så er det berre ein ting eg angrar på, og det er at eg ikkje gifta meg og fekk born som kunne halda fram her i Toftevåg».

 

Johannes Silseth døyde 8. mai 1956.


Kjelder: 

Artikkel i Grenda 2008

Kari Fedt Haugsbakk

Kvinnhersminne, artikkel av Johs G. Tofte

Bygde bok Kvinnherad nr. 5


Foto: Kari Fedt Haugsbakk

 

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Fabrikk brannen i Toftevågen i 1963












Eg trur brannsirena ulte ca kl halv ni om morgenen. Meiner også at det var fredag og lønningsdag for Johannes Fjelland gav ordre om at timelistene og pengene skulle låsast inn i safen, for den var brannsikker, sa han, men det var visst for det meste bare oske, då dei fekk opna han. Ellers va det ein lynrask utrykning. Trur Odd Jarand var ved brannstasjonen med pickuppen sin på mindre enn 2 min og fekk brannpumpa oppi på no time. Pumpa var klar og gjekk på tomgang då dei stoppa på kaikanten i Toftevågen. Odd`en var brannsjef. Eg hugsar at han gav grei og kontant beskjed til Johannes Fjelland ( disponent) : Idag e da eg som e sjef, ikkje du ! Omsider fekk dei hjelp med mannskap og pumpe frå Sunde. Men då dei starta opp og fekk trykk på slangane sprakk dei og vasspruten stod i alle retningar. Då fekk Bøni og eg i oppdrag å henta alle slangane som låg att på brannstasjonen. Me hadde då den gamle raude Chevyen og Bøni kjørte. Var ikkje sirene eller blålys påan, men da trongs ikkje, for seksaren brølte på fri eksos opp Toftebrekka og det same opp Nyeveien på tilbaketuren. Folk lurte på om da va eit fly som fauk forbi. Mesteparten av lageret blei berga. Det var mest fullt med fyrsteklasses brisling ( Crossed Fish ) og litt mussa som var klar for eksport. Me fekk kjøpa heile kartongar med mussa for 25 kr . Litt meir for brislingen. Trur det var 100 esker i kartongen. Billig.



Fortalt av Per Ottar Tofte

Foto: Tor Bjelland / Sild i boks


-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Husbrannen som endra alt i Toftevåg og på Sjo


Kristi f.1847 frå Sjo var som me veit gift med Johannes J. Tofte. Dei budde i Toftevågen der Johannes dreiv med skipsbygging.

Våren 1876 hadde Johannes minst to farty under bygging. Natt til 1. april var det ei jente som heite Guri som sette fyr på det nye huset hans. Ho hadde utvikla ein veldig forelskelse i Johannes, og udåden skal ha vore utløyst av sjalusi.

Johannes og folket hans kom seg ut, men då han gjekk inn att for å berga diverse verdisaker, mellom anna teikningar av fartøya på verven og anna så fall han gjennom golvet og ned i varmen og omkom.

Guri sona etter dette 20 år i slaveri som det heitte, eller tukthus som det også blei kalla. Etter soninga levde ho resten av livet på det såkalla "Sissela plasset" i Toftevåg. Dette plasset hadde namn etter mora Sissela som budde der.

Kristi og Johannes hadde då dette skjedde ei dotter på 1 år. Ho heite Kari Johannesdotter og vaks opp på Sjo då enkja Kristi gifta seg opp att og flytta heim til Sjo.

Denne hendinga markerer ei svært mørk tid i Toftevåg. Saka sette djupe spor og på fleire måtar markerer hendelsen ei vende i Toftevåg si lysande historie. Ikkje bare flytta Kristi og vesle Kari til Sjo, men både smeden og skomakaren i Toftevågen fekk skilt ut tomtar frå Sjo garden og busette seg i Sæbøvik.


-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Toftevåg - vekst og fall

Frå gamalt av var Toftevågen det naturlege sentrum på Halsnøy. Her var det god havn, og staden låg i leia for fjordafarten inn og ut av fjordane i Sunnhordland. I gamle tider var Høylandssundet islagt om vintrane, og folket på Valen og Toftevågen kunne vitja kvarandre tørrskodd. I boka Trollfurua av Ida Drangsholt kan ein lesa om at det på Valen vart arrangert hestekappløp, Stefansrittet 2. juledag kvart år. Det gjekk til Toftevåg og attende til Valen, og det var svært prestisjefullt å vinna dette løpet. Det er altså ikkje tilfeldig at Toftevågen vart eit sentrum på Halsnøy med si tilknytning til fastlandet både til sjøs, og på isen om vintrane.


Tønnes Tønnesen

Det var Tønnes Tønnesen frå Stavanger som arbeidde Toftevåg fram til eit sentrum på øya. I Stavanger styrde han Solensteens forretning, så handla kunna han før han såg Toftevåg. Han var også flagg-skipper og for i Østersjøfart.


Det stod glans av Toftevåg i Tønnesen si tid. Det kom kundar frå Tysnes og frå innste Åkrefjorden. Han var med i Nordlandstrafikk, hadde farty for varehenting og skaffa store lager. Då kom spørsmålet om lagerhus. Så bygde han det store sjøhuset, som står den dag i dag. Det huset fortel mykje om mannen. Særleg fortel det om soliditet og orden. Der hadde kvart vareslag sin bing elle trygge gøymestad. Det vart lett å finna fram.


Tønnesen dreiv berre fire år i Toftevåg. I 1866 kom Andreas Silseth til bygda og gifta seg med enkja , kristine.

Andreas Silseth må ha vore velståande, for gamle protokollar viser at han gav kundane sine store kredittar over lang tid.

Han heldt handelen oppe, hadde alltid stor varemengd og hadde tiltru som få-


I tilleg til handel, bakeri, gartneri og dampskipsekspedisjon oppretta han den første talestasjonen eller telegrafen på øya. Telegrafen var i Nordevågen i huset til Olav Sjo.

Andreas Silseth bygde mykje i Toftevåg, og det vart ein av dei lunaste og venaste stadene i leida.


Då HSD sin fjordabåt «Vøringen»kom i ruta på fjordane, kom han også innom Toftevåg, første gang i 1872. AndreasSilseth stod som ekspeditør for selskapet i 36 år. Andreas Tofte overtok ekspedisjonen etter han.I 80-åra fekk han bygd solid steinbryggje. Ole Medalen stod for dette arbeidet.


Då han i 1908 slutta opp i sitt yrke, og overdrog eigedomane til Johannes Silseth, bygde han vakre bustadhus til seg og Kristine. I 1913 døydde Silseth. Med han for ein av høvdingane i Sunnhordland i grav.



Johannes Silseth

Johannes Silseth var svært evnerik, og han tok eksamen ved landbrukshøgskulen i Ås. Ved utveiting av ei myr på Buneset i 1896, oppdaga dei restane av spantet av ein båt, av storleik som ein færing. Johannes Silseth, som då var student og landbrukskandidat kom framom, og meinte at plankebetane var av interesse, og han fekk dei undersøkt av folk frå universitetet i Bergen. Overraskinga var stor då den vart datert til å væra bygd i yngre romartid, 100-200 år e.kr.


Johannes Silseth kan vel såleis tilkjennast æra for å ha redda denne for ettertida. Restane av båten kan ein sjå på museet i Bergen. Dette er det eldste båtfunnet i Skandinavia.


Johannes Silseth var uredd, og framsynt på mange områder. Han starta med planteskule, og mange på øyo heiv seg på, og det seiest at Silset’en hadde æra for dei store eple og pære hagane på Utåker. Han planta frukttre over mest heile eigedommen, og dreiv også med grønnsaker.

Han var først med bier på Halsnøy, heile 25 bikubar. Han bygde den første siloen på øya. Den var forresten ikkje noko vakkert skue, og vart på folkemunne omtalt som det narraktige «babelstårnet». Siloen var av ståande plank med jernband rundt.

Han starta også handel på Eidsvik, han hadde bakeri, leigde ut nøter til fiskarane, og han fekk Stavanger Preserving til å byggja hermetikkfabrikk i Toftevågen i 1905. Han var sjølv første disponenten på fabrikken.


I 1907 fekk han Lars Olai Sjo til byggja motorkutteren Toftevåg heima i Sponavikjo i Toftevågen. Den var på 56 fot, og hadde ein stor Nor motor som gav den ein fart på 8-9 knop. Med den førte han brisling til og frå fabrikken.


Han bygde seg også grisehus, og dreiv med gris. Ein gong lasta han ombord i Toftevåg 65 fullvaksne griser som han førte til Bergen ved slaktehuset der dei vart jaga i land akkurat som sauer. Det var store problemer med å få dei på rett veg. Aldri har det vore så mykje leven og grisehyl i Bergen som den dagen. Seinare vart M/K Toftevåg ombygd til handelsreisande båt.


Kring 1930 vart han autorisert radioforhandlar. På den tida gjekk radioane på batteri, og han sette opp vindmølle oppe på Grønehaugen som han brukte til å lada batteria med.


Silseth’en var som ein skjønar føre si tid på dei fleste områder, også når det gjaldt tobakk. Han agiterte sterkt imot all bruk av tobakk, særleg røykjing. Om nokon ville kjøpa tobakk fekk dei det, men han kunne foreslå å bruka det sterkaste han hadde, karva blad, for då går det fortare som han sa.


Det vart til det at garden og gartneriet tok så å seia heile hans hug. I seinare år vart handelen og rederi for ein eller to motorbåtar attåtnæring.

Det er vel ingen stad i Sunnhordland dei etter måten skaffa så mykje mat or jorda som i Toftevåg. Derifrå gjekk det store grønsaksendingar heile hausten utover. Det vart også sendt mykje frukttre frå planteskulen til Silseth rundt til bygdene i Sunnhordland.


Johannes Silseth hadde også handel og dampskipsekspedisjon på, Eidsvik frå 1914-27. Eit arbeidsjarn var han,og sparte aldri kreftene sine. Han fekk også tid til å vera formann i byggenemnda for Sunnhordland folkehøgskule då den vart reist i 1914.


Toftevåg var eldste poståpneriet på øya, faktisk det einaste fram til 1915.


Silseth vart aldri gift, men hadde likevel ein gjestfri heim. Dette var sikkert like mykje den framifrå flinke «husholdersken» hans å takka, Else Skaaluren frå Rosendal. Ho styrte huset for han i mange år, det meste av hans liv.


Nokre gonger for året vart det stort selskap hos Silseth.Ved juletider hende det at han bad til seg alle naboborna og laga til stor julefest. Det var gåver til kvar og ein, juletregonge og julemoro, og så mat, sjølvsagt. Var det nokon av jentene han tykte ekstra godt om, smigra han dei med at dei var «alldeses utmerka koneemne».


Det var ofte det følgde ablegøyer med Silseth'n. Men på botnen var han ein alvorsmann. Johannes Silseth var truande og ivrig kyrkjegjengar. Han sat alltid heilt framme, like under preikestolen.


Silseth dreiv bruket sitt i Toftevåg og handelen til langt opp i åra. Berre nokre få år før han døydde, gav han alt han hadde til Johannes Winthertun frå Skånevik. Johannes Silseth døydde den 8. mai 1956, og ligg gravlagd utafor inngangsdøra til Eid kyrkje ved sida av fosterfar sin, Anders Silseth.


Winthertun heldt fram med handel og anna, men etter at sardinfabrikken i Toftevàg brann opp i august 1963, vart heile eigedommen seld vidare til Stavanger Perserving. Dei rekna med à byggja fabrikken opp igjen, og det kombinerte vånings og handelshuset vart av den grunn nedrive. Fabrikken kom likevel aldri opp igjen, og dette var gale, ikkje berre for Halsnøy, men for fiskarar vide om, for Stavanger Perserving sin fabrikk i Toftevåg hadde dei siste åra teke imot store mengder krabbe som vart henta lange vegar frå. Denne vart det seinare ikkje sal for.


Det er ein trist lagnad Toftevåg har lidt. Før var det sentrum, nå ligg det i utkanten. Tida er ofte hard, men Toftevåg blømer framleis, serleg på forsommaren. Den som vil sjå Toftevåg må koma i blømingstida.


Kjelde: Johs G. Tofte i Kvinnhersminne

Kvinnherad bygdebok no. 5